Opna hovudmenyen

Arumensk er eit romansk språk som blir tala av arumenararBalkan. Det er hovudsakleg utbreidd i Hellas, der det har 200 000 talarar (to tredelar av alle språkbrukarane), men det finst også talarar i Albania (50 000), Romania (28 000), Serbia (15 000), Nord-Makedonia (8 500) og Bulgaria (4 700).

Arumensk
(Makedon-armânâ, armãneashti, limba armãneascã)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Italisk
  Romansk
   Austromansk
    Arumensk
Bruk
Tala i: Flag of Greece.svg Hellas
Flag of Albania.svg Albania
Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Flag of North Macedonia.svg Nord-Makedonia
Flag of Romania.svg Romania
Flag of Serbia.svg Serbia
Område: Balkan
Arumensktalande i alt: 250 000 (1997)[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2: rup
ISO 639-3: rup

Språket har mykje til felles med rumensk, særleg når det gjeld morfologi og syntaks, og har liknande ordforråd med latinsk opphav. Språk har likevel hatt ulike påverknader: Medan rumensk har hatt mykje kontakt med slaviske språk, har arumensk hovudsakleg blitt påverka av gresk. Det høyrer til den balkanske språkbunten.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. [1] Council of Europe 1997]