Arve Vorvik (fødd 7. januar 1974) er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Byåsen IL. Vorvik har tre individuelle medaljar i NM og fem medaljar frå laghopp. Han vart noregsmeister i normalbakken i Marikollen i 1995, med klar margin til sølvvinnaren Øyvind Berg og Espen Bredesen på bronseplass. Sidan tok Vorvik sølv i normalbakken i Stryn i 1996 og normalbakken i Mo i Rana i 1997. I lag-NM var han med å vinne gull i 1995, 1997 og 1998, og sølv i 1994 og 1996, alle for Sør-Trøndelag.

Arve Vorvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1974 (50 år)
Idrett skihopping

Karriere endre

Vorvik debuterte i verdscupen med 40. plass i storbakken på Lillehammer i februar 1995. Beste tevlinga hans i verdscupen i Iron Mountain i februar 1996 enda med ein åttandeplass.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1995: Nr 28 i storbakken under Ski-VM i 1995 i Thunder Bay
  • 1996: Nr 8 i Iron Mountain
  • 1997: Nr 20 i Engelberg

I lagkonkurransen under Ski-VM 1995 var han på det norske laget som vart nummer 7 av 11 lag.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre