Arveretten tek føre seg reglar om arv, i hovudsak kva som skjer med eigedelane til ein person når personen døyr. Reglane omfattar mellom anna tilhøvet til eventuelle kreditorar, ektefellar og slektsarvingar.

Reglane om arv er i første rekkje gjevne i arvelova.

Problema arveretten tek føre seg[1] endre

Arven kan ikkje bli herrelaus endre

Når folk døyr, er ein nøydd å ha reglar om kven som formuen deira skal gå til. Ein kan ikkje godt late han falle i det fri, så kven som helst kan forsyne seg av han. Det ville for det første vore omsynslaust mot avdøde sine kreditorar, og dessutan dukkar ei rekkje andre pretendentar opp ved dødsfallet, som med større eller mindre grunn meiner å ha krav på å overta den avdøde sin formue. Ein arvelott kan representere store verdiar, og samfunnsomsyn tilseier at overgangen til nye eigarar må skje i ordna former. Det er dei reglane som avgjer kven som skal ha eigedelane til den avdøde, og korleis overgangen skal skje, som vert omhandla i arveretten.

Testamentsarv eller legalarv endre

Spørsmålet er framleis kven arven skal gå til. Både når ein ser historisk på spørsmålet, og når ein stiller det i moderne rett, står to synsmåtar mot kvarandre: Anten kan ein byggje arveretten på testamentsprinsippet, slik at ein i første rekkje spør etter kva arvelataren har ønskt og gjeve uttrykk for i testamentet sitt. Eller ein kan gå ut frå at formuen bør førast vidare til dei som normalt er arvelataren sine nærmaste - slekta, ektemaken eller sambuaren. Slekta si sterke stilling prega gammal germansk rett, medan testasjonsfridommen tidleg trengde gjennom i Romarriket.

Det har stått stor strid mellom desse to prinsippa. Eit langt stykke følgjer dei likevel kvarandre på vegen. Når lova kallar barn og ektemake til arv, stemmer det som regel over eins med viljen til arvelataren, så lenge familielivet er slik som det ideelt sett bør vere. Men det finst sjølvsagt unntak, og kollisjonen mellom dei to prinsippa tilspissar seg då i pliktarverettens problem: om slekt eller ektemake skal ha eit vilkårslaust krav på arven (eller ein del av han) sjølv om arvelataren ønskte at andre skulle gå framfor dei i arverekkja.

Dette problemet er svært viktig. Løysinga avheng ikkje av abstrakte spekulasjonar over averetten sin natur, ideen om eigedomsrett eller liknande. Det er klart at ein ikkje kan gje noko allmenngyldig svar. Mange faktorar speler inn, tradisjon, folkesetnadskontroll, tilhøvet mellom by og land, mellom jordbruk og industri osb. I dei fleste land er spørsmålet løyst slik at retten til å testamentere er innskrenka til føremon for visse nære slektningar eller ektemaken, som har vilkårslaust krav på ein del av arven.

Slik er tilhøva hjå oss, òg. Lina bakover til den gamle germanske retten har aldri vore broten. Fram til 1937 kravde den norske arvelova at ein større pliktdel enn dei fleste andre moderne arvelover, men ganske visst berre til føremon for livsarvingane - det vil seie slektningar i rett nedstigande line - som står i ei klar særstilling i arveretten. Born og foreldre høyrer då som regel saman, både når det gjeld kjensler og økonomi. Når borna arvar, får formuestilhøva - blir det gjerne halde fram - difor den kontinuiteten som i dei fleste tilfelle er naturleg, og som gjerne tryggjer at midlane kjem på hender som kan og vil halde fram der arvelataren sleppte. På den andre sida kan det reisast motførestillingar mot desse synspunkta: Når borna normalt er rundt femti år når arven fell, og arvelataren ønskjer at andre skal arve han, er det ikkje alltid lett å sjå kvifor livsarvingane gjennom pliktdelen skal ha ei så sterk stilling som dei har i norsk rett i dag. Kontinuitet kan medføre at verdiane (t. d. for ei bedrift) går over på ein person som ikkje er eigna til å forvalte dei. Utviklinga i dei siste hundreåra har klart gått i retning av å redusere livsarvingane sin pliktdel, samstundes som ektemaken si - og etter kvar òg sambuaren si - stilling er blitt styrkt.

Livsarvingane sin pliktdelsrett og ektemaken sin rett til minstearv er dei banda arvelova legg på arvelataren sin testasjonsfridom. Slekta trør elles berre inn i den utstrekninga testamentariske føresegner ikkje står i vegen for dei. Det gjer likevel ikkje at den eine eller andre forma for arveåtkomst haldast for den beste eller den «prinsipale». Innanfor den ramma som lova gjev testasjonsfridommen, er arv basert på lova si arvetavle og testament likeverdige.

Lover endre

Kjelder endre

  1. Kåre Lilleholt, red. (2014). Knophs oversikt over Norges rett. (14 utg.). Oslo: Universitetsforlaget. s. 143-163. 

Litteratur endre

Oversikt

  • Kåre Lilleholt, red. (20014). Knophs oversikt over Norges rett. (14 utg.). Oslo: Universitetsforlaget. s. 143-163.

Arvelova

  • Arnholm, Arveloven (1974)
  • Augdahl og Hambo, kommentarutgåve av arvelova (3. utg 1992)
  • Unneberg, Arveretten (1990)

Skiftelova

  • Unneberg, Arveretten (1990)
  • Lødrup, Materiell skifterett (7. utg. 1986)
  • Augdahl, Skifteloven (3. utg 1974)

Før 1970 :

  • Arnholm, Privatrett V Arveretten (1971)
  • Knoph, Norsk Arverett (3. utg. ved Erling Sandene 1959)