Arvid Møller
Arvid Møller (14. oktober 1939–26. september 2020) var ein norsk journalist og forfattar busett på Lillehammer.
Arvid Møller | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. oktober 1939 Strinda |
Død |
26. september 2020 (80 år) |
Yrke | skribent, journalist |
Prisar | Kongens fortenestmedalje i gull |
Møller var ein av dei mest lesne og mest produktive forfattarane i Noreg, med meir enn 100 bøker bak seg. Han spesialiserte seg på biografiar om kvardagsheltar og «vanlege» menneske som har gjort ein stor innsats, t.d. industrigründarar, misjonærar, husmannskjemper og kunstnarar. Møller har òg gjeve ut ei stor mengd dokumentarbøker om ei rekkje ulike emne, m.a. kunst og natur. Dessutan har han skrive fleire bøker om medlemmer av kongehuset.
Møller mottok Kulturprisen for Gudbrandsdalen, og Kongens fortenestmedalje i gull for forfattarskapen sin. Lom kommune gjorde i tillegg Møller til ambassadør for Lom for å ha skrive minst ti bøker om miljø og personar i Lom.
Eit utval bøker av Møller
endre- Taterdronningen: Marie Lovinie, Stor-Johans datter (1974)
- Gjendine (1976)
- Lina på prærien (1979)
- Jo Gjende (1979)
- Høvding Herman (1980)
- Sigurd fra Klevfos (1983)
- Veidemann på vidda - en bok om Lars Vivelid på Hardangervidda (1984)
- Senorita Sigrid (1985)
- Per Ung (1991)
- Dronning Maud. Et portrett (1992)
- Lefse-Bertha (1993)
- Dronning Sonja 25 år som landets førstedame (1993)
- Jotunheimens døtre (2001)
- Alvheim (2005)
- Øystein Laupsa - Bilethoggar (2008)
Kjelder
endre- Store Norske Leksikon om Møller.
- Bokutgjevnader av Møller på kulturnett.no
- Bøker av Møller på bokkilden.no
- Kort biografi om Møller av Lunde Forlag. Arkivert 2007-10-23 ved Wayback Machine.
- Arvid Møller vert ny ambassadør for Lom Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- Biografi og bilete på Forfatternett Oppland. Arkivert 2010-01-17 ved Wayback Machine.
- TV2.no: Frimurer Arvid Møller