Maud av Noreg

(Omdirigert frå Dronning Maud)

Dronning Maud av Noreg (fødd 26. november 1869 i London, død 20. november 1938 i London) var den første dronninga av det sjølvstendige kongeriket Noreg etter unionsoppløysinga i 1905.

Maud av Noreg

FøddMaud Charlotte Mary Victoria
1869-11-2626. november 1869
Marlborough House i London i Storbritannia
Død1938-11-2020. november 1938
London i Storbritannia
TittelDronning av Noreg
EtterfylgjarSonja
Alle titlarPrinsesse av Wales (1869-1896)
Prinsesse av Danmark (1896-1905)
Dronning av Noreg (1905-1938)
Fullt namnMaud Charlotte Mary Victoria
Hus eller slektHouse of Saxe-Coburg and Gotha, Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, Fyrstehuset Windsor
GravstadDet kongelege mausoleet i Akershus festning
LandStorbritannia, Noreg
MorAlexandra av Storbritannia
FarEdvard VII av Storbritannia
EktefelleHaakon VII
BarnOlav V av Noreg

Maud var fødd i England som dotter av prinsen av Wales, den seinare kong Edvard VII, og dronning Alexandra, ei dansk prinsesse. Ho var førebudd på eit roleg liv som ei yngre britisk prinsesse, og gifta seg med den danske yngre prinsen Carl av Danmark, utan å vita at han seinare skulle bli kong Haakon VII av Noreg.

Valet av Carl og Maud

endre
 
Den nye norske kongefamilien.

Etter Unionsoppløysinga gjorde dei norske styresmaktane eit taktisk strategisk trekk, for å unnvere ei krise etter den bråe lausrivinga, ville dei søke eit trygt styre. Løysinga vart monarki, i første omgang vart ein prins av Bernadotte tenkt, men då dette ikkje vart, fall blikket på prins Carl. Ikkje berre var han nordisk, men han var også gift med ei britisk prinsesse. Dette førte til at Storbritannia ville føle ei sterkare tilknyttning til Noreg, vart det tenkt, og prins Carl vart så kong Haakon VII av Noreg, og Maud vart norsk dronning.

Det nye norske kongeparet hadde ein son, prins Alexander Edward Christian Frederik, som fekk namnet Olav då han vart norsk kronprins. Kong Haakon og dronning Maud blei krona i Nidarosdomen i Trondheim den 22. juni 1906. Dette var den siste kongelege kroninga i Skandinavia.

Dronning i Noreg

endre

Dronning Maud var heile livet svært glad i Storbritannia, men ho tilpassa seg raskt det nye landet og pliktene som dronning. Ho stødde opp om veldedige føremål, særleg dei som var knytt til born og dyr. Ho lærde å gå på ski og skipa til ein engelsk hage ved Kongsseteren.

Den norske dronninga fekk vera med på kroninga av nevøen, kong Georg VI av Storbritannia, i mai 1937. Ho sat i kongeboksen i Westminster Abbey ved sidan av dronning Mary.

 
Dronning Maud og Kong Haakon er gravlagde i denne kvite sarkofagen på Akershus festning.

Dronning Maud døydde av hjartefeil medan ho var i London, berre nokre dagar før ho skulle fylla 69, og tre dagar etter ein operasjon. Ho vart send attende til Noreg om bord på det britiske krigsskipet HMS «Royal Oak». Ho vart gravlagd i Det kongelege mausoleet i Akershus festning, som den første frå det nye norske kongehuset.

Dronning Maud Land i Antarktis er kalla opp etter henne.

Titlar

endre

Hennar Kongelege Høgheit Prinsesse Maud av Wales (1869-1896)
Hennar Kongelege Høgheit Prinsesse Maud av Danmark (1896-1905)
Hennar Majestet Dronning Maud av Noreg (1905-1938)

 
Monogrammet til dronning Maud

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Maud av Noreg