Per Ung
norsk bilethoggar
Per Erik Ung (5. juni 1933–20. juni 2013)[1] var ein norsk bilethoggar og grafikar frå Oslo.
Per Ung | |
Fødd | 5. juni 1933 Oslo |
Død |
20. juni 2013 (80 år) |
Yrke | bilethoggar, grafikar |
Ektefelle | Elena Engelsen |
Per Ung på Commons |
Ung vart utdanna ved Statens Handverks- og Kunstindustriskole under Torbjørn Alvsåker 1951 og Statens kunstakademi under Per Palle Storm 1952-55. Mellom dei offentlege arbeida hans er:
- Johanne Dybwad utanfor Nationaltheateret, 1959-61
- Märtha Louise og Haakon Magnus, portrettstatuar, Skaugum, 1976–77
- Sonia Henie ved Frogner stadion, 1985
- Birger Ruud, Kongsberg, 1987
- Fridtjof Nansen, Oslo og Vardø, 1993
- Verdens Gang, gruppe, VG-huset, 1994
- Henrik Ibsen, portrettbyste, Skien og Oslo, 1997
- Selfangstmonumentet, Alta, 1999
I 1991 vart det gjeve ut ein biografi om Per Ung av Arvid Møller. Den 1. november 2007 vart Ung utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
ReferansarEndra
- ↑ Per Annar Holm (21. juni 2013). ««Per Ung er død»». aftenposten.no. Henta 21. juni 2013.
BakgrunnsstoffEndra
- Erik Mørstad (1986). «Ung, Per». I Oscar Thue. Norsk kunstnerleksikon. 4. Oslo: Universitetsforlaget. s. 329-332. ISBN 8200183238.
- Arvid Møller (1991). Per Ung. Oslo: Labyrinth Press. ISBN 8273930122.
- Jan Kokkin: «Per Ung» i Norsk biografisk leksikon
- perung.com