Asahikawa (旭川市 Asahikawa-shi) er ein by i Kamikawa subprefektur på Hokkaido i Japan. Han er den nest største byen på Hokkaido, etter Sapporo, og den største på Nord-Hokkaido. Han har status som hovudbyen i subprefekturet og som japansk «kjerneby» (chūkakushi). Asahikawa har ei flatevidd 747,6 km². I 2008 hadde han eit folketal rekna til 356 000 og ein folketettleik på 476 menneske per km². Byen er mellom anna kjend for Asahiyama dyrehage, den nordlegaste dyrehagen i Japan, brua Asahi-bashi, og ein lokal type nudlar, Asahikawa-ramen.

Asahikawa
Horisonten til Asahikawa
Horisonten til Asahikawa
Flagget til Asahikawa Byvåpenet til Asahikawa
Flagget til Asahikawa
Styresmakter
Land
Prefektur
Japan
Hokkaido
Geografi
Flatevidd 747,66 km²
Innbyggjarar
 - By (31. desember 2020)

331 392[1]
Tidssone UTC+9 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: https://www.city.asahikawa.hokkaido.jp/, https://www.city.asahikawa.hokkaido.jp/foreign/d059268.html
Nettstad: www.pref.hokkaido.lg.jp
Plassering
Asahikawa på Nord-Hokkaido.
Asahikawa på Nord-Hokkaido.
Asahikawa på Nord-Hokkaido.

Asahikawa vart grunnlagd i 1922 og folkesett av etniske japanarar. Ordet «asahi» tyder 'solstrålar' på japansk og «kawa» tyder 'elv'. Namnet byggjer på ei feilomsetjing av ainu-elvenamnet Chiu Pet ('bølgjeelv) som vart oppfatta som Chu Pe ('solelv').

Asahikawa ligg midt i Kamikawa-dalen med fjellkjeda Taisetsuzan rundtom. Det renn over hundre elvar og bekker gjennom byen, og over 740 bruer kryssar dei. Den sentrale brua Asahi-bashi over Ishikarielva vart fullført i 1932 og er vorten eit av symbola på byen. Byen ligg i eit rikt jordbruksdistrikt. Han er òg ein viktig industriby med bryggjeri og produksjon av tremasse, papir, kjemikalie og bomullsstoff.

Asahikawa lufthamn er ein regional flyplass som hovudsakleg har innanriksruter. Fleire av dei er berre i drift visse delar av året.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «住民基本台帳人口・世帯数 | 総合政策部計画局統計課»; vitjingsdato: 12. februar 2021; originalspråk: japansk.

«Asahikawa» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Asahikawa