Ainospråk

(Omdirigert frå Ainu)

Aino (på aino アイヌ イタ, aynu itak; japansk アイヌ語, ainu-go) er det tradisjonelle språket til ainoaneHokkaido (Nordøya) i Japan. Språket vart tidlegare også brukt nord på Honshu og på Kurilane og sør på Sakhalin i noverande Russland.

Aino
アイヌ イタ, «aynu itak»
Klassifisering isolerte språk
Bruk
Tala i Japan
Område Hokkaido
Ainotalande i alt
Rangering ikkje blant dei 100 største
Skriftsystem Katakana, det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i Ainoar
Språkkodar
ISO 639-3 ain

Aino er rekna som eit isolert språk, det vil seie eit slektskap med andre levande språk. Vi kan iblant sjå det gruppert i lag med dei paleosibiriske språka. Aino har mange ord til felles nivkhisk, men den mest utbreidde meininga er at dette skyldast opptak av lånord. Aino har også tatt opp mange lånord frå japansk. Tilsvarande har japansk tatt opp lånord frå aino. Den japanske lingvisten Shichiro Murayama har ut frå ordtilfang og kulturelle fellestrekk forsøkt å knyte aino til dei austronesiske språka.

Bruk endre

Aino har dei siste tiåra vore eit sterkt truga språk. Dei fleste som sjølv reknar seg blant ainoane, snakkar japansk til dagleg. Det skal vere om lag 100 brukarar i byen Nibutani, men av desse var det på slutten av 1980-talet berre om lag femten som brukte språket i daglegtalen. Kor mange som snakkar aino i dag, er vanskeleg å slå fast. Det er i dag fleire som snakkar aino som andrespråk enn som førstespråk. Ifølgje nettressursen ethnologue.com var det i 1996 15 000 ainoar i Japan, 15 av desse hadde aino som førstespråk.[1]

Ei rørsle for å revitalsiere aino og aktivt motverke nedgangen i talet på ainotalarar, har resultert i at fleire har lært seg aino som andrespråk.

Fonologi endre

Stavingsstrukturen i aino er KV(K), det vil seie at den første lyden i stavinga alltid er ein konsonant, mens sluttkonsonanten ikkje er obligatorisk. Det finst få konsonantkombinasjonar.

Språket har fem vokalar:

Fremre Sentrale Bakre
Lukka i u
Mellom e o
Open a

Konsonantar:

  Bilabial Labio-
velar
Alveolar Palatal Velar Glottal
Klusil p t k ʔ
Affrikat ʦ
Nasal m n
Frikativ s h
Approksimant w j
Tremulant r
  • Kombinasjonen /ti/ blir realisert fonetisk som [ʧi].
  • /s/ blir uttalt som [ʃ] framfor /i/ samt sist i stavingar.
  • Affrikaten /ʦ/ har både ein tona og ein postalveolar allofon.
  • Dialektal variasjon: Sachalin-dialekten realiserer stavingsfinalt /p, t, k, r/ som /h/.

Typologi og grammatikk endre

Aino er eit SOV-språk og bruker postposisjonar. Subjektet og objektet blir vanlegvis markert ved hjelp av postposisjonar. Substantiv kan setjast saman, og hovudordet blir plassert sist. Verba er inndelte i transitative og intransitive verb, og avleiingar blir danna av ulike affiks.

Skrift endre

I offisiell rettskriving bruker aino ein tilpassa variant av det japanske alfabetet katakana, men også latinsk alfabet blir brukt. Tidsskriftet Ainu Times kjem ut i begge skriftsystema. I latinsk ortografi stavar ein /ʦ/ c og /j/ y; /ʔ/ skriv ein anten som eit likskapsteikn (=), om den glottale klusilen står mellom vokalar (som i a=sapte), eller som ein t framfor ein konsonant, eller ved at konsonanten doblast (som i cotca eller hoyuppa, dette liknar systemet i transkribert japansk). Øvrige fonem skriv ein med same bokstavar som fonetisk skrift.

Munnleg dikting endre

Ainofolket har ein rik munnleg tradisjon av heltesegner. Språket i desse segnene har tatt vare på mange arkaiske språktrekk.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Patrie, James: The Genetic Relationship of the Ainu Language, The University Press of Hawaii, Honolulu 1982. ISBN 0-8248-0724-3. 
  • Tamura, Suzuko: The Ainu Language, Sanseido, Tokyo 2000. ISBN 4-385-35976-8. 
  • Vovin, Alexander: A Reconstruction of Proto-Ainu, E. J. Brill, Leiden 1993. ISBN 90-04-09905-0. 
  • Shibatani, Masayoshi: The Languages of Japan, Cambridge University Press, Cambridge 1990. ISBN 0-521-36918-5. 
  • Refsing, Kirsten: Origins of the Ainu Language, The Ainu Indo-European Controversy, Curzon P, London 1998. ISBN 0-7007-1034-5. 

Bakgrunnsstoff endre