Asbjørn Rydland (fødd 27. februar 1976)[1] er ein norsk forfattar frå Seim i Lindås.

Asbjørn Rydland
Asbjørn Rydland (2012).jpg
Asbjørn Rydland, under NM i litteraturformidling 2012.
Foto: Grethe Tvede (AAbk)
Nasjonalitet Norsk
Fødd 27. februar 1976 (43 år)
Yrke skribent
Periode 2010-
Sjanger Fantasy
Debut Drakeguten

Han debuterte i 2010 med fantasyromanen Drakeguten.[2] Boka er fyrste del av ein planlagd ungdomsbokserie på fem romanar om stallguten Koll.[3] Andre boka i serien, Med eld i hjartet, kom i 2011. For henne fekk Rydland Nynorsk barnelitteraturpris av Noregs Mållag.[4] I grunngjevinga sa juryen at Rydland hadde skapt ei god og spennande forteljing for ungdom, og «Gjennom eit poetisk språk skildrar han store mytologiar og små detaljar som til saman skaper eit levande og truverdig fantasiunivers.»[4]

Rydland er busett i Oslo.[2]

BøkerEndra

Drakeguten-serienEndra

  • 2010 – Drakeguten – fantasyroman
  • 2011 – Med eld i hjartet – fantasyroman
  • 2012 – Mørkemanaren – fantasyroman
  • 2014 – Kampen om Kervad – fantasyroman

PrisarEndra

ReferansarEndra

  1. ««Asbjørn Rydland»». forfatterkatalogen.no. Henta 30. april 2012. 
  2. 2,0 2,1 ««Asbjørn Rydland»». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 30. april 2012. 
  3. 3,0 3,1 Ella Sandra Dahl Berland (6. februar 2012). ««Målpris til tre forfattarar»». strilen.no. Henta 30. april 2012. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Nynorsk barnelitteraturpris 2011 til Asbjørn Rydland». 27. april 2012. Henta 30. april 2012. 

BakgrunnsstoffEndra