Ashton Fletcher Irwin (fødd 7. juli 1994) er ein australsk songar-låtskrivar og musikar, kjend for å vere trommeslagar i det australske poprock-bandet 5 Seconds Of Summer. Sidan 2014 har 5 Seconds Of Summer selt meir enn 10 millionar album, over 2 millionar konsertbillettar globalt, og songane til gruppa er vortne strømma over 7 milliardar gongar, noko som gjer dei til ein av dei mest vellukka australske musikarane i historia.[1][2]

Ashton Irwin

Fødd7. juli 1994 (30 år)
FødestadHornsby
OpphavAustralia
Aktiv2011–
InstrumentTrommer
PlateselskapInterscope Records
Verka somtrommeslagar, songar-låtskrivar

Bakgrunn

endre

Ashton Fletcher Irwin vart fødd den 7. juli 1994 i Hornsby i New South Wales. Far hans, som er amerikansk, forlet familien då Irwin var to år gammal. Mora, Anne-Marie, sleit med alkoholisme,[3] og som eit resultat brukte Irwin barndommen sin på å «hengje med rusa folk på pubar».[4] Han fortalde seinare: «Oppveksten min var interessant. Eg hadde ikkje ein far, og mor mi har slite med alkoholisme heile livet mitt. Eg har måtte vere ustoppeleg positiv, og eg har fått eit veldig deprimert sinn».[3] Irwin flytta mykje som barn, men han var hovudsakleg busett i Richmond og Windsor.[4] Mor til Irwin «hadde ikkje mykje pengar», og som eit resultat ville Irwin «slite med å ete frå veke til veke».[5]

Onkelen til Irwin var trommeslagar i eit death metal-band og stefaren hans spelte trommer i eit punk/rock-band.[4] Irwin lærte å spele trommer då han var ni år gammal etter å ha spurt stefar sin om å lære han.[6] Irwin bidrog til å oppdra dei yngre halvsyskena sine, Harry og Lauren, mens han gjekk på Richmond vidaregåande. Han gjekk ut frå denne skulen i 2012.[7] I løpet av åra sine på vidaregåande år, før skipinga av 5 Seconds Of Summer, danna Irwin eit jazz-funk band kalla Swallow The Goldfish i lag med klassekameratar.[4] Irwin tok eit år med høgare utdanning på eit TAFE-college for å studere musikk, før han valde å slutte på grunn av forpliktinga si til 5 Seconds Of Summer.[8][9]

Karriere

endre

I slutten av 2011 fekk Irwin ei Facebook-melding frå vennen Michael Clifford, som spurde om Irwin var interessert i å tilfeldigvis spele musikk med han, Calum Hood og Luke Hemmings. Irwin bestemte seg for å bli med trioen å legge ut coverlåtar på Hemmings sin YouTube-kanal.[10] Etter månader med coverlåter sammen, byrja bandet å tiltrekkje seg interesse frå store plateselskapar og utgjevarar, og dei signert en publisering avtale med Sony/ATV Music Publishing.[11] Irwin har sidan det gjeven ut fire studioalbum med bandet, kvar av dei møtt med global suksess. Album: 5 Seconds Of Summer (2014), Sounds Good Feels Good (2015), Youngblood (2018) og Calm (2020).[12]

Bortsett frå bandet, har Irwin drive med songskriving og hjelpt til med instrumentering for andre artistar, inkludert Andy Black, The Faim og Makeout.[13][14]

Den 23. september 2020 annonserte Irwin utgjevinga av sitt fyrste soloalbum, med tittelen Superbloom. Det kom ut 23. oktober 2020. Albumet blei innleidd av singelen «Skinny Skinny», eit spor som handlar om spørsmål om kroppsbilete, noko Irwin sier han har «aldri konfrontert i ei kreativ form». Irwin uttala at «Superbloom utforskar mine indre filosofiar og kjensler om livets tur som eg har funne meg sjølv på». Han gjentek: «Det gjer meg den største glede av alt at eg er i eit band som gjer meg moglegheita til å skape fritt i og utanfor det».[15]

Personleg liv

endre

Irwin har vore open om kampane sine med alkoholisme, og er ein talsperson for psykisk helse.[16][17] I 2018 innrømte Irwin at under 5 Seconds Of Summer sin to års pause, takla han «kjensler i byrjinga [av avbrekket] med berre alkohol».[18] I april 2020 avdekkja Irwin at han på den tida hadde vore edru i ti månader.[19] Innan bandet sin turne i 2019 dokumenterte Irwin, via kontoar på sosiale medium, isbad som han gjorde før kvart show som ein bekreftelse på å overvinne sin rusmisbruk.[19]

Irwin data den tidlegare modellen Bryana Holly. Paret data i eit år før dei slo opp i juni 2016.[20] I 2018 begynte Irwin eit på og av forhold med motebloggaren og fotografen Kaitlin Blaisdell.[21]

I 2017 vart det rapportert at Irwin hadde kjøpt eit fem-roms herskapshus i Hollywood Hills-nabolaget av Los Angeles.[22] I 2018 vart det rapportert at Irwin hadde kjøpt ein anna eigedom, ein toppleilegheit, i West Hollywood.[23] Frå 2020 er Irwin sin nettoverdi anslått til å vere 25 millioner amerikanske dollar.[24]

Diskografi

endre

Studio album

endre
Liste over studioalbum, med utgjevingsdatp og selskap vist
Tittel Album detaljer Peak chart posisjoner
AUS

[25]

Superbloom
  • Utgjeven: 23. oktober 2020[26]
  • Format: CD, digital nedlasting, strømming
  • Selskap: Ashton Irwin Music Group
37

Live album

endre
Liste over studioalbum, med utgjevingsdato og etikett vist
Tittel Album detaljer
Superbloom: A Live Experience
  • Utgjeven: 20. november 2020[27]
  • Format: CD, digital nedlasting, strømming
  • Ashton Irwin Music Group

Singlar

endre
Liste med singlar, med utgjevings år og album
Title Year Album
«Skinny Skinny»[28] 2020 Superbloom
«Have U Found What Ur Looking For»[29]
«Scar»[26]
«Heart-Shaped Box»[30]

Låtskriving

endre
Year Title Artist Album Notes
2016 «Drown Me Out» Andy Black The Shadow Side Komponist, trommeslagerperkusjon,bakgrunnsvokaler
«Homecoming King» Komponist, trommeslager
«We Don't Have to Dance»
«Ribcage»
«Stay Alive»
«Beautiful Pain»
«Broken Pieces»
2017 «Ride It Out» Makeout The Good Life Komponist, trommeslager
2018 «Summer is a Curse» The Faim State of Mind Komponist, trommeslager
2019 «The Promise» Andy Black The Ghost of Ohio Komponist, trommeslager[14]

Videografi

endre

Musikkvideoer

endre
År Tittel Artist Rolle
2018 «Valentine» 5 Seconds Of Summer Seg Sjølv, Regissør[31]
2019 «When I Get Home» Ivy Levan Kjærleiks Interesse[32]
2020 «Skinny Skinny» Ashton Irwin Seg sjølv, regissør

Prisar og nominasjonar

endre
År Prisutdeling Kategori Nominee (s)/work(s) Resultat Ref.
2020 MusicRadar Tredje plass [33]

Kjelder

endre
  1. «Why 5SOS are finally feeling the love in Australia». Henta 7. august 2020. 
  2. «5 SECONDS OF SUMMER: Umusic». Henta 27. juli 2020. 
  3. 3,0 3,1 Campbell, Rachel. «"I've always been terribly afraid of becoming an alcoholic:" 5SOS's Ashton Irwin on facing demons». Arkivert frå originalen 9. januar 2019. Henta 24. mai 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Ashton Irwin». Henta 24. mai 2020. 
  5. «5SOS's Ashton on his childhood: 'We'd struggle to eat from week to week at times'». Henta 7. august 2020. 
  6. «Sound Legacy - Ashton Irwin of 5 Seconds of Summer». Henta 23. juli 2020. 
  7. Summer, 5. Seconds of. Hey, Lets Make a Band!. ISBN 9780062366443. 
  8. «5SOS on leaving school to pursue music: 'We had to prove to our parents it was worth it'». Henta 22. mai 2020. 
  9. Creswell, Toby. «The songs may change but the story of a hit remains the same». Arkivert frå originalen 21. oktober 2016. Henta 22. mai 2020. 
  10. Staff Reporter. «'5SOS' News: Luke Hemmings, Calum Hood Talked About how Ashton Irwin Joined the Band». Henta 27. juli 2020. 
  11. Creswell, Toby (30. juli 2012). «Smells Like Teen Spirit». The Age. Henta 11. august 2012. 
  12. Savage, Mark (24. juni 2018). «5SOS on demons, lies and gun control». BBC News (på engelsk). Henta 27. juli 2020. 
  13. The Good Life - Makeout! | Songs, Reviews, Credits | AllMusic, henta 27. juli 2020 
  14. 14,0 14,1 The Promise - Andy Black | Song Info | AllMusic, henta 27. juli 2020 
  15. Mier, Tomás. «5SOS' Ashton Irwin Announces First-Ever Solo Project: 'I'm Ridiculously Excited to Share This'». Henta 23. september 2020. 
  16. Campbell, Rachel. «"I've always been terribly afraid of becoming an alcoholic:" 5SOS's Ashton Irwin on facing demons». Henta 27. juli 2020. 
  17. «5SOS: Mental health help in music not enough». BBC News (på engelsk). 19. juni 2018. Henta 4. august 2020. 
  18. «5SOS' Ashton Irwin reveals that he's scared of becoming an alcoholic». Henta 27. juli 2020. 
  19. 19,0 19,1 Freedman, Adrianna. «5SOS Overhauled Their Self-Care Routines. Then They Made 'CALM.'». Henta 27. juli 2020. 
  20. «Ashton Irwin And Bryana Holly Have Officially Broken Up». Arkivert frå originalen 2. april 2018. Henta 24. mai 2020. 
  21. Garcia, Lesley. «5SOS Ashton Irwin and Kaitlin Blaisdell Are Sweet As Sugar & Spice». Arkivert frå originalen 27. juli 2020. Henta 27. juli 2020. 
  22. McClain, James. «5 Seconds of Summer's Ashton Irwin spends big on Studio City». Henta 27. juli 2020. 
  23. «5SOS Drummer Ashton Irwin Drops Millions for West Hollywood Penthouse». Henta 27. juli 2020. 
  24. «The Richest Bands In The World». Henta 27. juli 2020. 
  25. «ARIA Top 50 Albums Chart». Australian Recording Industry Association. Henta 14. november 2020. 
  26. 26,0 26,1 «‎'Superbloom' van Ashton Irwin op Apple Music». Henta 27. september 2020. 
  27. «SUPERBLOOM: A LIVE EXPERIENCE». Henta 20. november 2020. 
  28. Brandle, Lars. «Five Seconds of Summer's Ashton Irwin sets solo LP 'Superbloom,' drops 'Skinny Skinny': Listen». Henta 2. september 2020. 
  29. «Ashton Irwin Shares Second Solo Single, 'Have U Found What Ur Looking For'». Henta 3. oktober 2020. 
  30. «Heart-Shaped Box - Single». Henta 13. november 2020. 
  31. «5 Seconds Of Summer - Valentine». Henta 27. juli 2020. 
  32. «Ivy Levan - When I Get Home (ft. Ashton Irwin from 5 Seconds of Summer) - YouTube». Henta 7. august 2020. 
  33. «The 10 best rock drummers in the world right now, as decided by you». Henta 10. desember 2020.