Askeladden
- For eventyrfiguren, sjå Oskefisen
Askeladden er namnet på databasen Riksantikvaren har med freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg. Databasen dekkjer også objekt som er inne i ein fredningsprosess etter Kulturminneloven, kulturminne som er freda etter Svalbardmiljøloven og listeførte kyrkjer.
Databasen er basert på innhaldet frå det tidlegare Fornminneregisteret, Fredningsregisteret og Kyrkjeregisteret og vart offisielt opna i 2004. Basen er eit sentralt verktøy for forvalting og vern av kulturminne. Brukarane av Askeladden kan søkje etter kulturminne ut frå sjølvvalde kriterium, produsere kart og lage statistikk. Databasen er berre tilgjengeleg for instansar som forvaltar kulturminne, som kommunar, konsulentfirma, politi og liknande, eller for forsking. I samband med Kulturminneåret 2009 skal databasen bli tilgjengeleg for alle.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Askeladden (kulturminnedatabase)» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mars 2009.