Askiasgrava er eit gravminne i Gao i Mali. Grava blei bygd på 1490-talet, og er rekna som gravstaden til den første keisaren i songhairiket, Askia Mohammad I. Askiagrava er i dag ein verdsarvstad som omfattar det pyramideforma gravminnet, to moskéar med flate tak, ein gravplass og eit forsamlingsområde.

Askias grav

LandMali
Innskriven ved UNESCOs 28. sesjon i 2004.
Referansenr. 1139.
Kriterium:II, III, IV
Sjå ògVerdsarvstader i Afrika
BakgrunnsstoffAskias grav ved unesco.org

Pyramiden, som er 17 m høg, er det høgaste byggverket i regionen frå førindustriell tid. Området og anlegget er eit særs godt døme på den tradisjonelle leirebyggeteknikken frå sahelregionen, og er også det eldste dømet på ein islamsk arkitektur som etter kvart spreidde seg i regionen.

Anlegget er framleis i levande bruk, både som moské og som kultursenter for byen Gao.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Askiagrava