Aslak Reiersson Midhassel

norsk politikar

Aslak Reiersson Midhassel (17. juli 179815. januar 1882) var ein norsk skipper, gardbrukar og stortingsmann frå Vanse i Vest-Agder.

Aslak Reiersson Midhassel
Fødd17. juli 1798
Vanse
Død15. januar 1882 (83 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1842–1844)
  • vararepresentant til Stortinget (1845–1847)
  • vararepresentant til Stortinget (1851–1853)
  • vararepresentant til Stortinget (1854–1856)
  • vararepresentant til Stortinget (1857–1858)
  • vararepresentant til Stortinget (1859–1861) Sjå dette på Wikidata

Midhassel reiste til sjøs i yngre år, tok seinare styrmannseksamen. I si tid tok han over farsgarden Midhassel og dreiv han til høg alder. Han var medlem av heradsstyret i Vanse og var ordførar i fleire år. Også forlikskommissær samt fleire andre verv.

Midhassel var 1. representant frå Lister og Mandals amtStortinget 1842. Han var medlem av kriminallovkomiteen. På fem av valtinga til stortinget, mellom 1844 og 1859, hamna han på ulike varamannsplassar.

Han døydde på garden sin i 1882.

Kjelder

endre