Asle Andersen

norsk fotballmanager og fotballspelar

Asle Andersen (fødd 15. februar 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar, som i dag er hovudtrenar for Sandnes Ulf. Han har hatt ei lang fartstid i norsk toppfotball og har spelt for klubbane Sandnes Ulf, Bryne FK, FK Haugesund og Viking FK.

Asle Andersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. februar 1972 (52 år)
Sola kommune
Idrett fotball

Andersen kom til Sandnes Ulf i januar 2006 som spelande trenar. Han var sterkt delaktig på banen då laget sikra opprykk til Adeccoligaen i 2007, og hadde fleire gode kampar i 2008. Siste halvdel av 08-sesongen gjekk han skadd, og i årene etterpå har han prioritert trenergjerninga og ikkje spelt kamper.

Andersen var ei viktig brikke i Brynelaget på nittitalet. Han var kaptein i fleire sesongar og medverka mellom anna til opprykket til Tippeligaen med den sterke haustsesongen1999.[1]

Karriere som spelar endre

Klubb Kampar Mål Periode
  Noreg Viking 21 4 1991-92
  Noreg Bryne 244 46 1993-99
  Noreg FK Haugesund ? ? 2000-03
  Noreg Bryne 59 10 2004-05
  Noreg Sandnes Ulf 59 ? 2006-2008

Kjelder endre

  1. «Verd å vite om Asle Andersen». Bryne Fotballklubb. 15. april 2005. Henta 9. desember 2007.