Sandnes Ulf er ein fotballklubb heimehøyrande i Sandnes i Rogaland, stifta 3. mai 1911 med namnet Ulf. Sidan 2015 har fyrstelaget delteke på nivå 2 i norsk seriefotball.

Sandnes Ulf
KallenamnUlf
Grunnlagd11. mai 1911
HeimebaneSandnes stadion
(kapasitet: Ca. 3800
derav 2200 sitjeplassar)
HovudtrenarAsle Andersen
LigaOBOS-ligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

I 2004 fusjonerte klubben med dåverande Sandnes FK og fekk då sitt nåverande namn. Etter samanslåinga er Sandnes Ulf den største fotballklubben i kommunen. Sandnes Ulf spelar sine heimekampar på Sandnes Idrettspark.

Sandnes Ulf spelte i 2006 i 2. divisjon avdeling 3. Klubben enda på 2. plass etter å ha kjempa om den eine opprykksplassen i store delar av sesongen. Men ei ustabil avslutning på sesongen gjorde at dei enda heile 11 poeng bak opprykkslaget Mandalskameratene. 2. plassen gav likevel Sandnes Ulf ein sponsa fotballtur til La Manga i sesongoppkjøringa til 2007-sesongen.

Også 2005-sesongen var ein klar framgang for Sandnes Ulf. Då hausten fekk sitt inntog på fotball-Noreg i 2005, melde Sandnes Ulf seg på i opprykkskampen i 2. divisjon avdeling 3. Men det tok likevel ikkje lang tid før klubben blei hekta av. Til slutt enda dei opp på 4. plass.

Åra 2012, 2013 og 2014 spelte Sandnes Ulf i eliteserien. Laget enda på 14. plass i 2012 og på 13. plass sesongen etter. I 2014 enda laget på 16. og sisteplass.

Profilar

endre

Laget sin største spelarprofil er Asle Andersen som signerte for klubben mars 2006. Andersen var i 2006 spelande assistenttrenar, Johan Selvig var hovudtrenar.

Liste over viktige spelarar:

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre