Asmara er hovudstaden og den største byen i Eritrea. Han hadde eit estimert innbyggjartal på 601 000 i 2007.[2]

Asmara
by
Land  Eritrea
Areal 12 158,1 km²
Folketal 963 000 (2020)[1]
Kart
Asmara
15°20′00″N 38°55′00″E / 15.333333333333°N 38.916666666667°E / 15.333333333333; 38.916666666667
Wikimedia Commons: Asmara
Gate i Asmara.
Kinoen i Asmara.

Asmara voks fram frå fire landsbyar grunnlagt som handelsutpostar på 1100-talet. I 1897 blei byen hovudstad i den italienske kolonien Eritrea. På slutten av 1930-talet gjorde italienarane store endringar i bybildet. Det blei bygd ei rekke hus i art deco-stil. Mange bygningar i byen stammar frå denne tida, og fleire av dei har framleis italienske namn. Den italienske arva kan også sporast til kaffibarar og pizzarestaurantar, noko som har gjeve Asmara kallenamna «Vesle Roma» og «Italia sin afrikanske by».

Asmara har Bergen i Noreg som vennskapsby.

Folk frå Asmara endre

  • Dawit Isaak (f. 1964), journalist, fengsla i Eritrea sidan 2001

Kjelder endre