Aspen er ein småby i delstaten Colorado i USA. Byen har ikring 6 600 ibuarar og er fylkessete i Pitkin County. Aspen ligg 2405 meter over havet i Rocky Mountains.

Midtbyen i Aspen med skitraseane i bakgrunnen

Aspen vart grunnlagd i 1879 som gruveby under sølvrushet på slutten av 1800-talet. I 1946 vart staden utbygd for skiturisme. VM i alpine greiner 1950 vart avvikla i skianlegget Ajax Mountain, rett utanfor byen.

Kjelder

endre