Aspen i Botkyrka
Aspen er ein innsjø i Botkyrka kommun i landskapet Södermanland i Sverige. Sidan byrjinga av 1950-talet har innsjøen vore delt i ein nordleg og ein sørleg del av vegbanken for E4/E20.
Aspen | |||
innsjø | |||
Innsjøen Aspen mot aust. Foto: Holger Ellgaard.
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Utløp | Älvestaån (til Tullingesjön) | ||
Nedslagsfelt | 7,97 km² | ||
Høgd over havet | 18.0 moh. | ||
Lengd | 3,5 km | ||
Breidd | 0,950 km | ||
Areal | 1,847 km² | ||
Volum | 1,84 km³ | ||
Kystlengd1 | 11,95 km | ||
Aspen i Botkyrka 59°13′18″N 17°48′33″E / 59.22166667°N 17.80916667°E | |||
Wikimedia Commons: Aspen, Botkyrka Municipality | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Historie
endreUnder steinalderen låg området Aspen ligg i, under hav. Gjennom landhevinga vart Aspen for 4000 år sidan løfta ut av det havdekka området. Buplassar frå bronsealderen eksisterer her enno, like så gravrøyser. For ca. 1000 år sidan vart området kolonisert, og jernaldergarder låg langs innsjøen. Ved dagens rideskule låg busetnaden Skrävsta, på andre sidan av innsjøen, ved Lindhov, låg òg ein busetnad, og der Hågelby gard ligg i dag, låg ein tredje byen, Hogslaby, der ein i dag har rekonstruert ein jernalderby. Gravflet frå denne perioden er verna i heile området.
Naturen
endreIkkje langt frå Skrävsta ligg Ekholmens naturreservat, der eit 60-tal sine større eiketre veks, derav omtrent halvparten av dei er fleire hundre år gamle. Her er det òg flaggermus og ei rekkje andre dyr og plantar. Edellauvskogen gjev ein oppfatning om varmen til bronsealderen klima. Ein særeigen skogstype ligg i Hasselbacken, rett overfor Ekholmen, der ein lauvsumpskog av orar veks på små øyar i sumpmarka. Ljoset strålar ned mellom søyler av grå stammar.
Bilete
endreBilete frå turløypa rundt Aspen (bilettitlar på svensk). Fotograf (alle bileta): Holger Ellgaard
-
Sjön Aspen, kulturlandskapet
-
Sjön Aspen, "pelarsalen"
-
Sjön Aspen, gamla ekar
-
Sjön Aspen, Lindhovs gard
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aspen (Botkyrka kommune)» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Om sjön Aspen, på Botkyrka kommuns webbplats Arkivert 2007-12-24 ved Wayback Machine.
- Aspen Arkivert 2010-08-12 ved Wayback Machine. Miljödatabasen