Acetylsalisylsyre

kjemisk sambinding, brukt som legemiddel mot smerte, feber og betennelse
(Omdirigert frå Aspirin)

Kjemisk struktur
Acetylsalisylsyre

CAS-nummer
50-78-2
ATC-nummer
N02B A01, B01A C06
Metabolisme Vert omdanna til salisylsyre under og etter absorpsjonen
Halveringstid Ca. 12 timar
Utskiljing Renal (gjennom nyrene)
Administrasjonsform Per oral (via munnen)

Acetylsalisylsyre er eit smertestillande, febernedsetjande og betennelsesdempande ikkjesteroid antiinflammatorisk middel som blir brukt som lækjemiddel under namn som Aspirin, Dispril og Globoid. Stoffet er ei fargelaus, luktfri krystallisk sambinding med sur smak. Han er lett løyseleg i alkohol, tungt løyseleg i vatn og smeltar ved rask oppvarming mellom 135 °C og 141 °C.

Stoffet hemmar prostaglandinsyntesen, og vert brukt for å lindra smerter, motverka trombosar og i revmatiske sjukdommar. Stoffet reduserer også blodplatenes si evne til å klumpa seg saman.

Handelsnamn i Noreg

endre

Bakgrunnsstoff

endre