Assemblage er ein type tredimensjonal collage, det vil seia ein moderne skulptur som er sett saman av ulike materiale eller gjenstandar. Slike kunstverk kan til dømes vera laga av samanføyde maskindelar eller bestå av lerret, gips, bølgjepapp og lim i ei flate med relieffverknad.

Nam June Paik sin skulptur «Pre-Bell-Man» utanfor Museum für Kommunikation i Frankfurt am Main i Tyskland er delvis ein assemblage

Ordet assemblage, som blir uttalt assambla:sj, er fransk og betyr eigentleg «samanføying». Det blei til som kunstomgrep tidleg på 1950-talet då Jean Dubuffet laga ein serie collagar av sommarfuglvenger som han kalla assemblages d'empreintes («samansette trykk»). Likevel hadde både Marcel Duchamp og Pablo Picasso fleire år tidlegare arbeidd med gjenstandar som dei hadde funne og sett saman til skulpturar og kunstverk, mellom anna såkalla objet trovué, det vil seia kvardagsting som ble stilt ut som kunst.

Ein kjend assemblage er skulpturen ‘Oksehovud’ av Picasso frå 1943. Det er ei bronseavstøpning av eit sykkelstyre og eit sykkelsete som er sett saman slik at delane dannar eit dyrehovud med horn.

Sjå òg endre

  • CombinesRobert Rauschenberg si nemning på kunstverk der gjenstandar er føydde inn i eit måleri
  • Installasjon – større kunstverk i ein bygning som er sett saman av ulike element
  • Objet trouvé - òg kalla found objects, kvardagsgjenstandar som blir brukte i bildekunst

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre