Robert Rauschenberg

Robert Rauschenberg (født 22. oktober 1925 i Port Arthur i Texas, død 12. mai 2008 i Captiva Island i Florida) var ein jødisk-amerikansk kunstnar. Han vart omtalt som ein av dei viktigaste kunstnarane i USA i siste halvdel av 1900-talet.

Robert Rauschenberg

Statsborgarskap Tyskland, USA
Fødd 22. oktober 1925
Port Arthur i Texas
Død

12. mai 2008 (82 år)
Captiva Island, Captiva

Yrke fotograf, kunstmålar, bilethoggar, koreograf, grafikar, designar, performancekunstner, grafikar, collagist, assemblage artist, bygningstegner, smykkedesigner
Språk engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Letters, Royal Academy of Arts, American Academy of Arts and Sciences, Experiments in Art and Technology
Robert Rauschenberg på Commons
Robert Rauschenberg, Riding Bikes, Berlin, 1998

Rauschenberg studerte ved kunstskolen Black Mountain College i USA, under den tidlegare Bauhaus-profilen Josef Albers. Rauschenberg uttalte seinare at Albers' sans for disiplin og metodiske tilnærming til kunst inspirerte han til å gjera det motsette.

Rauschenberg hadde stor tyding for utviklinga av amerikansk kunst på 1950- og 60-talet, og hans bruk av readymades og sitat frå populærkulturen vart sett som eit alternativ til den dominerande abstrakte ekspresjonismen, og som ein går for popkunsten. I likskap med Jasper Johns' arbeidar vart Rauschenbergs kunst omtalt som «Neo-Dada» (nydadaisme) på 1950-talet, på grunn av blandinga av høy- og lavkulturelle referansar, og sammenstillingen av ulike objekt, teknikkar og materialar.

Kjelder endre