Astrid (Astri) Linnéa Mathilda Taube, fødd Bergman (9. desember 189823. desember 1980) var ein svensk biletkunstnar og kunsthandverkar. Ho er mest kjend for skulpturane sine, men måla òg akvarellar og pastellar og utførte litografiar. Tidleg i karrieren forma ho gjenstandar og gravminne som vart støypte og selde av far hennar, Herman Bergman, sitt firma.[1] Ho var gift med Evert Taube frå 1925 til han døydde i 1976. Dei fekk fire barn saman, mellom anna Sven-Bertil Taube og Ellinor Taube.

Astri Taube

Statsborgarskap Sverige
Fødd 9. desember 1898
Kungsholm
Død

23. desember 1980 (82 år)
Maria Magdalena församling

Yrke kunstnar, bilethoggar
Far Herman Bergman
Mor Emilia Bergman
Ektefelle Evert Taube
Born Sven-Bertil Taube, Ellinor Taube
Astri Taube på Commons

Bakgrunn endre

Ho vart fødd i Stockholm, som eldst av fire søsken. Foreldra var Mélen Tholff og Herman Bergman. Faren dreiv eit eige kunststøyperi og ein eigen utstillingshall. Ho kom derfor tidleg i kontakt med fleire av kunstnarane i tida. Ein av dei var bilethoggaren Carl Milles, som var gudfar hennar.[1]

Utdanning og karriere endre

Ho fekk ei grundig kunstutdanning. Den første skulegangen hadde ho på Franska skolan i Stockholm. Deretter gjekk ho på Tekniska skolan (Konstfack), på Sigrid Blombergs skulpturskule og Caleb Athins og Carl Wilhelmsons målarskular. I 1920 studerte ho i Paris, og ho gjekk fire år på Konstakademien i Stockholm, der ho mellom anna hadde Carl Milles som lærar.[1]

Som bilethoggar er Taube mest kjent for barneportretta sine,[2] men ho utførte òg større skulpturar. Ho hadde oppdrag med utsmykking av offentlege miljø, både innandørs og utandørs. Eit av verka, utsmykkinga av himlingen i foajeen i kinoen Rio i Stockholm, no Folkoperan, vart innvigd i 1928. Himlingen har ein klar blå botnfarge, med stiliserte hundar, fuglar, fiskar og blomster i kvit stukkatur.[3] Himlingen, som er freda (K-märkt), vart vasskadd i 2014, men er seinare restaurert.[4]

I tillegg til skulpturar og anna kunstnariske arbeid, teikna Astri Taube førelegg (arbeidsteikningar, mønster) til fleire gjenstandar i tinn, som lysestakar, segl og stempel, brevpresser, sigarettskrin og blekkhus.[5] Ein av tinnvasane kan sjåast i Nationalmuséet i Stockholm.[6]

Utstillingar endre

Ho hadde fleire utstillingar saman med mannen sin, Evert Taube. Den første allereie same år som dei gifta seg, i Galleri Gummeson i Stockholm.

Si første separatutstilling hadde ho ikkje før i 1974, men deretter hadde ho meir enn 25 utstillingar før ho døydde.

I 2006 opna dronning Silvia to retrospektive utstillingar av Astri Taubes kunst. Den eine, på Röhsska museet i Göteborg, synte eit utval av verka hennar. Den andre utstillinga vart vist i Göteborgs universitetsbibliotek. Der presenterte biblioteket materiale frå Taubearkivet.[5]

Ekteskap og familie endre

Under studieopphaldet i Paris møtte ho forfattaren, komponisten og kunstnaren Evert Taube. Dei gifta seg i Stockholm i 1925. Etter bryllaupet reiste dei til Italia, der dei arbeidde og studerte.

Etter kvart som dei fire barna til paret vart fødde og voks opp, tok Astri det største ansvaret for heim og familie, og fekk mindre tid til kunstnarisk verksemd. Ho utførte likevel fleire bestillingsverk, spesielt portrett, som var avgjerande for inntekta til familien.[1]

Ettermæle endre

 
Astri Taube forma ut Lisebergsapplåden, ein pris som årleg blir delt ut til «den som på ett eller annat sätt gjort Sverige gladare.»[7]

Fleire av Evert Taubes songar er skrive om eller til henne, mellom anna «Nocturne» og «Så skimrande var aldrig havet». I songane brukte han ikkje hennar eigentlege namn, men kalla henne «fröken Blåklint», «Fragrancia» og «Linnea».[8]

I Göteborg ligg Astris Gata, kalla opp etter henne – og i 2009 fekk eit torg i Enskededalen i Stockholm namnet Astri Taubes torg.[9]

Hausten 2011 vart framsyninga Hovkonstgjutarens dottar om Astri Taubes liv spelt på Kungsbacka teater, Varbergs teater og Halmstad Teater. Dei medverkande var sonen hennar, Sven-Bertil Taube, og Maia-ensemblet.[10]

SVT:s K-special sende ein film om henne i desember 2015 med tittelen Astri Taube – Håll fast solen ... av Rex Brådhe och Michaela Brådhe Hennig (lenke i seksjonen «Bakgrunnsstoff»).

Det finst arbeid av Astri Taube i fleire samlingar, mellom anna i Nationalmuséet i Stockholm och Göteborgs universitetsbibliotek og i Moderna Museet.[11]

I 2008 skreiv universitetsbibliotekar Pia Schmidt de Graaf biografien Astri Bergman Taube : ett konstnärsliv.[12]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «skbl.se - Astrid (Astri) Linnéa Mathilda Taube». skbl.se. Henta 14. november 2022. 
  2. «ASTRI TAUBE Bergman: Lexikonett amanda». www.lexikonettamanda.se. Henta 15. november 2022. 
  3. N.N. (14. september 2006). «Astri Bergman Taube uppmärksammas i två nya utställningar». Vårt Göteborg. Arkivert frå originalen 14. november 2022. Henta 14. november 2022. 
  4. «Folkoperan rider ut stormen». www.mitti.se (på svensk). 16. august 2014. Henta 14. november 2022. 
  5. 5,0 5,1 «Drottningen på Göteborgsbesök». gp.se (på svensk). 15. september 2006. Henta 14. november 2022. 
  6. «Nationalmuseum - Astri Bergman Astri Bergman Taube». emp-web-84.zetcom.ch. Henta 15. november 2022. 
  7. «Lisebergsapplåden». Liseberg (på svensk). 28. desember 2016. Henta 15. november 2022. 
  8. Erlandsson, Martin (25. august 2011). «Sven-Bertil berättar om sin mamma Astri Taube». hallandsposten.se (på svensk). Henta 14. november 2022. 
  9. «Astris Gata i Göteborg». Sveriges Radio (på svensk). 18. juni 2012. Henta 14. november 2022. 
  10. Holm, Karin (13. oktober 2011). «Sven-Bertil Taube tecknar kärleksfullt porträtt av Astri». hn.se (på svensk). Henta 14. november 2022. 
  11. «Works – Astri Bergman-Taube – Artists – Moderna Museet». sis.modernamuseet.se. Henta 15. november 2022. 
  12. «Astri Taube - i skuggan av Evert». www.expressen.se (på svensk). Henta 15. november 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  • Michaela Brådhe; Rex Brådhe. «Håll fast solen …». Litteraturkanalen (på svensk).  Dokumentarfilm om Astri Taube. Varighet 58:21