Astrid Krag

dansk politikar

Astrid Krag Kristensen (fødd 17. november 1982 i Vejle) er ein dansk politikar (S). Ho var minister i den fyrste regjeringa til Mette Frederiksen frå 27. juni 2019 til 15. desember 2022, fyrst som sosial- og innanriksminister, deretter som sosial- og eldreminister.[1]

Astrid Krag

Fødd17. november 1982 (42 år)
Vejle
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiSocialistisk Folkeparti, Socialdemokratiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
Alle verv
  • Danmarks helseminister (2011–2014)
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (2014–2014)
  • Danmarks socialminister (2019–2022)
  • medlem av Folketinget Sjå dette på Wikidata

Krag har vore vald til Folketinget frå Sjællands storkrins sidan 2007 og helseminister 2011–2014, og melde overgang frå Socialistisk Folkeparti til Socialdemokraterne ved si fråtreding som minister.[2]

Bakgrunn

endre

Krag er dotter av ein tekstforfatter og ein gymnaslærar.[3] Ho er gift med Andreas Seebach, kjend som rapperan AndyOp. Paret har barn saman, og er busatt på Amager.[4] Krag har studentereksamen frå Tørring Amtsgymnasium frå 2001 og studium i statsvitskap frå Københavns Universitet. Ho har arbeidd i barnehage, skuleverket og heimepleien.[3]

Karriere

endre

Krag var elevrådsformann på gymnaset og formann i ungomspartiet til Socialistisk Folkeparti 2005–2007. Sidan 2007 har ho vore vald til Folketinget frå Sjællands storkrins, etter å ha blitt nominert frå Roskilde krins.[3] Krag var helseminister i den fyrste regjeringa til Helle Thorning-Schmidt 2011–2014. I 2012 var ho kandidat til formannsposten i Socialistisk Folkeparti, men tapte mot Annette Vilhelmsen i uravrøystinga.[5] Etter at Socialistisk Folkeparti gjekk ut av regjeringa i januar 2014, melde dei avtroppande ministrane Astrid Krag og Ida Auken overgang til høvesvis Socialdemokraterne og Radikale Venstre.[2][6] Same år blei Krag nominert til Folketinget for Socialdemokraterne frå Greve krins i Sjællands storkrins.[7]

Kjelder

endre
  1. «Regeringen Mette Frederiksen I» (på dansk). Statsministeriet. Henta 2. mars 2024. «Astrid Krag (S), social- og indenrigsminister (til 21.01.2021) og social- og ældreminister (fra 21.01.2021)» 
  2. 2,0 2,1 Ritzau (30. januar 2014). «Astrid Krag: Man føler sig aldrig færdig som minister». Politiken (på dansk). Henta 8. juni 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Astrid Krag (S)» (på dansk). Folketinget. Henta 9. mars 2019. 
  4. Scharff, Lotte (12. november 2014). «Astrid Krag: 'Jeg har aldrig været åleslank'». B.T. (på dansk). Henta 8. juni 2015. 
  5. Blem, Hans Chr. m.fl. (13. oktober 2012). «Jordskredssejr til Vilhelmsen». Ekstra Bladet (på dansk). Henta 8. juni 2015. 
  6. Justesen, Anne og Mølgaard, Christian Juhl (31. januar 2014). «Ida Auken skifter til Radikale». altinget.dk. Henta 8. juni 2015. 
  7. «Astrid Krag valgt som S-kandidat» (på dansk). altinget.dk. 24. mars 2014. Henta 8. juni 2015.