Aterno
Aterno (i antikken Aternus) er ei elv i Abruzzo aust i Italia.
Aterno | |||
elv | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 3 190 km² | ||
Lengd | 152 km | ||
Middelvassføring | Ved munningen: 57 m³/s | ||
Kjelde | Monti della Laga | ||
• høgd | 1 200 moh. | ||
Munning | Adriahavet | ||
Aterno 42°28′11″N 14°13′47″E / 42.469722222222°N 14.229722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Aterno River |
Aterno har utspring i Monti della Laga nær Montereale og har det største nedslagsfeltet av elvane som renn ut i Adriahavet sør for Reno. Ho renn først til Valle Peligna (eller Sulmona-platået) nær Raiano, der ho mottar den største sideelva si, Sagittario. Seinare, nær Popoli, møter ho den korte, men vassrike Pescara, og frå her går ho stort sett under dette namnet. Ho renn ut i Adriahavet i byen Pescara.
Elva renn òg gjennom ein av dei andre store byane i Abruzzo, L'Aquila.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aterno» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2007.