Atlanterhavskabelen

Atlanterhavskabelen eller TAT ( Trans Atlantic Telephone Cable ) er ein sjøkabel for telekommunikasjon over Atlanterhavet.

Kart over strekninga for 1858-års transatlantiske telegrafkabel.

Ofte forbind ein Atlanterhavskabelen med den første transatlantiske kabel som vart lagt i 1866 av Cyrus Field mellom Irland og Newfoundland, meint for telegrafi. Før den vart lagd kunne ein berre kommunisera mellom Europa og Amerika med fartøy som vanlegvis tok minst ti dagar. Kabelen minska tida til nokre få minutt, så spørsmål kunne telegraferast over Atlanterhavet og svaret kunne telegraferast tilbake same dag. På 1870-talet vart det skapt doble og firedobla til sendings- og mottaksystem som kunne formidla fleire meldingar samstundes gjennom kabelen.

Den høge motstanden i kabelen veikte telesignala kraftig. Først på 1950-talet kom sjøkablar med innbygde forsterkere og då vart det mogleg å kommunisera over lengre avstandar med telefontrafikk som til då var vist til radio, no går den via telekommunikasjonssatellittar.

I 1956 vart den første transatlantiske sjøkabelen for telefonkommunikasjon lagt. Den vart kalla TAT-1 og 1959 følgde TAT-2. Den første transatlantiske fiberoptiske kabelen (TAT-8) vart lagt 1988 og den hadde ein kapasitet på 40 000 samtalar samstundes. Sidan midten av 1990-talet har fiberoptiske sjøkablar nesten heilt teke over trafikken. Den siste atlanterhavskabelen (TAT-14) vart innstallert år 2000, den har ein kapasitet på 64×10 Gbit/s.(gigabyte)

Atlanterhavskabelen endre

Den transatlantisk telegrafkabelen vart lagt frå The Telegraph Field i Foilhommerum Bay på Valentia Island i det vestlege Irland til Heart's Content på det austlege Newfoundland i Canada. Fem forsøk med å leggja den transatlantisika telegrafkabelen vart gjord under ein niårsperiode – 1857/1858 til 1865/1866 – før eit varig samband mellom dei to verdensdelene til slutt vart oppretta gjennom 1866-års kabelen som vart lagt frå fartøyet DS «Great Eastern» under James Andersons Kommando, og den reparerte kabelen frå 1865 vart teke i bruk som reserve.[1]

Ytterlegare kablar vart lagd mellom Foilhommerum og Heart's Content 1873, 1874, 1880 og 1894. På slutten av 1800-talet kopla britiske, franske, tyske og amerikanske kablar same Europa og Nord-Amerika i eit sofistikert nettverk for telegrafisk kommunikasjon.

Det var Cyrus Field som var krafta bak Atlanterhavskabelen. Forsøk vart starta utan suksess 1857 og kabelen vart fullført den 5. augusten 1858. Sjølv om den ikkje vart verdsett særskilt fremgangsrik eller langvarig, var det den første transatlantiske kabelen som gav resultat i praksis. Det første offisielle telegram som gjekk mellom dei to kontinenta var ein skriftleg gratulasjon frå dronning Victoria av Storbritannia til USAs president James Buchanan den 16. augusten. Kabelen rauk månaden etter då Wildman Whitehouse tilførde kabelen altfor høg elektrisk spenning i eit forsøk på å senda telegram raskare. (Det er vorte hevda at mangelfull produksjon og håntering av 1858-kabelen kunne føre til for tidleg feil når som helst.[2]) Den korte perioden kabelen vart brukt undergravde tillita i allmennheten og investorane til prosjektet, og forseinka anstrengelser for å retta opp igjen eit samband mellom Europa og Nord-Amerika. Eit nytt forsøk vart gjort i 1865 med mykje betre material, og etter ein del motgang vart det eit samband som kunne verta i bruk teke den 28. juli 1866. Dette sambandet var meir stabil, og allmennhetens tillit auka då 1865-kabelen vart reparert og teke i bruk samstundes.

I transatlantisk valutahandel kom vekselskursen mellom det britiske pund og den amerikanske dollar til å kallast «Cable» og denne termen er enno bruk i dag.[3]

Referansar endre

  1. The Living Rock: The Story of Metals Since Earliest Times and Their Impact on Civilization. p. 203.
  2. History of the Transatlantic Cable - Dr. E.O.W. Whitehouse and the 1858 trans-Atlantic cable
  3. Zed Books, 2006.