Valentia
Valentia (irsk Dairbhre) er ei øy utanfor halvøya Iveragh sørvest for County Kerry i Republikken Irland. Ho har fastlandssamband over ei bru ved Portmagee, og via ei ferje som går frå Reenard Point til Knightstown, sentrumet på øya. Øya har 650 innbyggjarar, er om lag 11 km lang og 3 km brei.
Valentia Lokalt namn Dairbhre | |
---|---|
Nordsida av Valentia med Dinglebukta i bakgrunnen | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 51°54′N 10°21′W / 51.900°N 10.350°W
|
Høgaste punkt | Little Skellig (134 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Republikken Irland |
Grevskap | Kerry
|
Demografi | |
Folketal | 650
|
Historie
endreValentia var den austlege terminalen for den første transatlantiske telegrafkabelen. Det første forsøket i 1857 gjekk ikkje bra. Etter fleire feilforsøk i 1858 og 1865 klarte ein til slutt å få til telegrafkommunikasjon i 1866, som opererte i hundre år fram til kabelen vart lagt ned i 1966.
I 1993 vart det oppdaga fossil av fotefaret til eit firbeint dyr. Fotefaret, som er om lag 385 millionar år gamalt, var av eit primitivt virveldyr som gjekk langs ei gjørmete kystlinje i eit ekvatorialt sumpområde. Avtrykket vart bevart ved at dei vart dekte av slam, som i løpet av lang tid så vart forsteina. Spora på Valentia er av dei eldste teikna ein har frå virvellause dyr på land og har i etterkant vorte kraftig utforska.
Bakgrunnsstoff
endre- Senter for kulturarv på Valentia
- Valentia Island Arkivert 2005-11-09 ved Wayback Machine.
- Reiseguide Arkivert 2006-07-27 ved Wayback Machine.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Valentia Island frå Engelsk Wikipedia .