Atlas Cove er ei vik på nordkysten av Heardøya sør i Indiahavet, og ligg mellom Laurens Peninsula og Rogers Head. Ho vart namngjeven av amerikanske selfangarar etter ein av skonnertane som gjekk i land på Heardøya i 1855. Namnet finst på eit kart av den britiske ekspedisjonen under Nares, som vitja øya med HMS «Challenger» i 1874 og skreiv då ned dette namnet som var i bruk av selfangarane.[1]

Atlas Cove
vik
Land  Australia
Stad Heardøya
 - koordinatar 53°1′S 73°22′E / 53.017°S 73.367°E / -53.017; 73.367
Kart
Atlas Cove
53°01′00″S 73°22′00″E / 53.016666666667°S 73.366666666667°E / -53.016666666667; 73.366666666667

Frå 1947 til 1955 låg det ein forskingsleir ved Atlas Cove. I 1969 var amerikanske forskarar igjen ved vika. Busetnaden vart i 1971 utvida av franske forskarar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre