Atlasov

Atlasov (japansk Araido) er den nordlegaste øya og vulkanen i Kurilane, ein del av Sakhalin oblast i Russland. Han er òg den høgaste vulkanen i øygruppa med ei høgd på 2339 meter over havet. Andre namn på øya er Ujakhuzjatsj, Oyakoba og Alaid.

Atlasov/Alaid
fjell
Atlasovisland.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Område Kurilane
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 2 339 moh.
Siste utbrot 1996
Koordinatar 50°51′29″N 155°33′0″EKoordinatar: 50°51′29″N 155°33′0″E
Kart
Atlasov
50°52′0″ N 155°34′0″ E
Wikimedia Commons: Atlasov Island

Øya er kalla opp etter Vladimir Atlasov, ein russisk utforskar frå 1600-talet som erklærte Kamtsjatkahalvøya ein del av Russland. Øya er i hovudsak ei vulkankjegle som stikk opp av havet i Okhotskhavet. Øya har eit areal på 119 km² og er i dag ikkje busett.

Atlasov sett frå verdsrommet i september 1992

Den nær perfekte forma på øya har ført til mange segner om vulkanen hos folka som lever i regionen, som itelmenar og det kurilliske ainu-folket. Den russiske forskaren Stepan Krasjeninnikov vart fortalt ei soge om at fjellet ein gong låg i Kamtsjatka, men at nabofjellet vart sjalu på det vakre fjellet og forviste det til havet. Dette skapte Kurilesjøen sør på Kamtsjatka.

Japanaren Ito Osamu skildra fjellet i 1926 som meir utsøkt i forma enn Fuji-fjellet.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra