Atmosfærisk refraksjon

Atmosfærisk refraksjon er retningsendringa til ein himmellekam på grunn av lysbryting i jordatmosfæren. Himmellekamen verkar høgare på himmelen enn han verkeleg er, men asimut vert ikkje endra. Ei stjerne som er ei senit har null refraksjon. På grunn av refraksjonen vil sola og månen sjå ut som dei er ovale, fordi den nedre randen vert løfta meir enn den øvre. Av same årsak blir dagen forlenga med nokre minutt og områda som har midnattsol strekkjer seg 35 minutt nærmare ekvator, forbi polarsirkelen.

Figur som syner forskyvinga av sola ved solrenning.

Ein kjende til refraksjonen alt i oldtida, men Tycho Brahe var den første som korrigerte sidan observasjonar for den.

Kjelder endre

  • Ringnes, Truls (14. februar 2009), «Refraksjon: astronomi», Store norske leksikon, henta 13. august 2014