Atomvinter er det populære namnet på eit scenario der storstilt bruk av atomvåpen fører til global nedkjøling.

Scenariet vart første gongen presentert i tidsskriftet Ambio i 1982. Eit spesialnummer om moglege miljøverknader av atomkrig inneheldt ein artikkel om verknader på atmosfæren, skriven av Paul Crutzen og J. Birks. Dei berekna at inntil 70% av ozonlaget kunne bli brote ned og peikte for første gongen på verknaden av dei forventa store mengdene av røyk (støv) som ville bli utløyst.

Slik det vart observert i Hiroshima, Nagasaki og tyske byar i 1945, gjev store byar i brann ein intens varme som igjen fører store mengder sot og partiklar opp i stratosfæren til jorda. Der vil partiklane blokkere for solinnstrålinga, og blir verande i stratosfæren over ein tidsskala av år. Vindane vil effektivt breie ut partikkellaget i retning aust-vest, og ville i scenariet dekke den nordlege halvkula nord for 30°. Dei tjukke svarte skyene ville stenge ute alt sollys over fleire veker, slik at temperaturen ved bakken ville falle med mellom 20 °C og 40 °C i perioden.

Kombinasjonen av mørke, drepande frost og høge dosar av radioaktiv stråling frå atomnedfall ville skade all plantevekst.

Ein noko tilsvarande situasjon som atomvinter ville oppstå ved tilstrekkeleg store meteornedfall eller ved utbrotet av ein supervulkan.

Sjå òg endre

Kjelder endre