Opna hovudmenyen

Atsuto Uchida

japansk fotballspelar

Atsuto Uchida (fødd 27. mars 1988 i Kannami i Shizuoka-prefekturet) er ein japansk fotballspelar som har spela for Schalke 04 i tysk Bundesliga, og for det japanske landslaget.

Atsuto Uchida
Atsuto Uchida 2011-08-03-2.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Atsuto Uchida
(japansk: 内田篤人)
Fødd 27. mars 1988
Fødestad Kannami i Japan
Høgd 176 cm
Posisjon Høgre vingback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Schalke 04
Nummer 22
Ungdomsklubbar
2003-05 Japan Shimizu Higashi vidaregåande skule
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-10
2010-
Japan Kashima Antlers
Tyskland Schalke
124 (3)
13 (0)
Landslag
2007-08
2008-
Japan Japan U23
Japan Japan
8 (0)
34 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. oktober 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 14. oktober 2010

Den første profesjonelle klubben til Uchida var Kashima Antlers. Han debuterte for klubben 17 år gammal., 5. mars 2006. Han vart stemt med på J-ligaen sitt All-Star-lag i 2006. Han har vore med på å vinna J-ligaen med Kashima Antlers tre år på rad, i 2007, 2008 og 2009. Sommaren 2010 gjekk han til Schalke i Tyskland.

Han vart teke ut til ein A-landslagstropp for første gong i 2006, men utan å få spela. Han debuterte for A-landslaget 26. januar 2008 i ein vennskapskamp mot Chile, den første landskampen til den nye landslagstrenaren Takeshi Okada. 22. juni 2008 skåra han det første landslagsmålet sitt då Japan slo Bahrain 1-0. Han vart dermed den yngste japanaren som har skåra i ein VM-kvalifiseringskamp, 20 år og 87 dagar gammal. I 2008 var han med og spelte for Japan i sommar-OL.

KjelderEndra

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 11. mai 2010.

BakgrunnsstoffEndra