Auður Auðuns

islandsk politikar

Auður Auðuns (18. februar 191119. oktober 1999) var ein islandsk jurist og politikar for Sjálfstæðisflokkurinn (Sjølvstendepartiet). Ho var den fyrste kvinnelege juristen (1935), den fyrste kvinnelege ordføraren (1959) og den fyrste kvinnelege ministeren (1970) på Island.

Auður Auðuns
Fødd18. februar 1911
Ísafjörður
Død19. oktober 1999 (88 år)
Statsborgar avIsland
Yrkepolitikar, advokat
Alle verv
  • Islands justis- og kirkeminister (1970–1971)
  • Reykjavíks borgermester (1959–1960) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Auður var yngste barn av Jón Auðunn Jónsson.[1] Faren var bankfunksjonær, engasjert i lokalpolitikken og alltingsmann frå 1919 til 1937. Han representerte det konservative partiet Íhaldsflokkurinn og seinare Sjálfstæðisflokkurinn.

Auður tok studenteksamen ved Menntaskólinn í Reykjavík i 1929.[2] Så studerte ho juss og avla, som fyrste islandske kvinne, juridisk embetseksamen ved Háskóla Íslands i 1935.[3]

Frå 1940 til 1960 var Auður advokat i mødrehjelpsnemnda i Reykjavík.

Politisk virke

endre

Auður var vararepresentant til Alltinget i 1947 og 1948.[2] I 1959 blei ho vald som medlem av Alltinget for Sjálfstæðisflokkurinn (Sjølvstendepartiet). Ho vann seinare attval og var alltingsmedlem til 1974. Frå 1946 til 1970 var ho også kommunepolitikar i Reykjavík. Saman med Geir Hallgrímsson var ho ordførar i Reykjavík frå november 1959 til oktober 1960.[2] Også i lokalpolitikken var Auður føregangskvinne og var den fyrste kvinnelege ordføraren på Island.[3]

Frå 10. oktober 1970 til 14. juli 1971 var Auður justis- og kyrkjeminister i regjeringa til statsminister Jóhann Hafstein.[2] Dette var fyrste gongen at ei kvinne fekk ein ministerpost på Island.[4]

Internasjonalt representerte Auður Island i Generalforsamlinga til SN i 1967 og leia den islandske delegasjonen ved kvinnekonferansen til SN i Mexico by i 1975.[2]

Utmerkingar

endre

I 1961 blei Auður utnemnd til storriddar av Den islandske falkeordenen.

Auður var aktiv i Kvenréttindafélag Íslands og blei utnemnd til æresmedlem i anledning 70-årsjubileumet til foreininga i 1985.[3]

Kjelder

endre
  1. «Jón Auðunn Jónsson», Alltinget. Vitja 13. januar 2019.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Auður Auðuns», Alltinget. Lest 13. januar 2019.
  3. 3,0 3,1 3,2 «Auður Auðuns», Konur og stjórnmál, Landsbókasafn Íslands – Háskólabókasafn. Vitja 13. januar 2019.
  4. Björg Einarsdóttir: «Auður Auðuns», Andvari, årg. 129, 2004, s. 11.