Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (fødd 9. mai 1975) er ein norsk journalist.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mai 1975 (48 år)
Noreg Sjå dette på Wikidata
Yrke news director
Prisar Alf Helleviks mediemålpris
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn på Commons

Rotevatn er fødd i Volda. Ho har utdanning innan radiojournalistikk frå Høgskulen i Volda, og i statsvitskap og nordisk språk ved Universitetet i Oslo. Ho starta journalistkarrieren som 19-åring i Sunnmørsposten, og arbeidde seinare i Bergens Tidende. I 2001 fekk ho engasjement i NRK, der ho blant anna hadde eit årsvikariat som programleiar i Sportsrevyen. Før det var ho mellombels tilsett som nyhendeopplesar i Dagsnytt, reporter i og Her og Nå, og var ein kort periode reporter i Dagsrevyen.

Då Rotevatn sitt engasjement i NRK ikkje blei fornya, fekk ho jobb i Kanal 24, og var programleiar i aktualitetsmagasinet til radiokanalen -nyhende og, Nyheitspuls fram til ho gjekk inn i barselspermisjon. I 2010 vart ho tilsett som dagleg leiar for Allkunne AS.[1]

Rotevatn har fått fleire prisar og utmerkingar for det journalistiske arbeidet sitt, og for sin konsekvente nynorskbruk. I 2005 fekk ho Alf Helleviks mediemålspris og i 2004 Kringkastingsprisen.

Kjelder endre