Audun Hugleiksonspelet

Audun Hugleikssonspelet er eit sogespel om baron Audun Hugleikson Hestakorn, som mellom anna er kjend for å lure den franske kongen til å betale heile den norske utanlandsgjelda i 1295. Arrangørane er stiftinga Audun Hugleiksson Sogespel og Sogn og Fjordane Teater.

Spelet gjekk for første gong i 2002 og for andre gong i 2004, då med om lag 2 500 tilskodarar. Begge gongane har ein hatt med kjende namn som Bjørn Sundquist og Linda Øvrebø som skodespelarar i spelet. Spelet går på utescene på Ålhus i Sunnfjord kommune, der Hugleiksson i si tid oppførte noko so sjeldant i Noreg som ei borg i stein.

Neste spel var planlagt å vere gjennomført på Bensentunet 1. til 6. august 2006, men er utsett til sommaren 2007, sidan hovudrolleinnehavarane Bjørn Sundquist og Linda Øvrebø ikkje hadde høve til å møte.

Bakgrunnsstoff endre