Opna hovudmenyen

Historiske spel er eit slag skodespel som hentar handling frå historiske eller mytiske hendingar. Slike spel vert sette opp mange stader i Noreg, er årvisse, går ofte føre seg ute i friluft, og er stelte i stand av lokale eldsjeler, med amatørskodespelarar som spelar saman med profesjonelle, og det heile plar vera halde oppe på dugnad. Forskarane Kari Vaagen og Sigurd Ohrem seier at med historiske spel meinast nyskrivne regionale og lokale teaterstykke, med eller utan musikk, som tek utgangspunkt i fortida. Tema til dei historiske spela blir henta frå anten myter, segn eller ei kjend historisk hending. Staden der spelet blir oppført har ofte tilknyting til den mytiske hendinga spelet byggjer på, eller har ein meir indirekte historisk relevans. Noregs kulturråd gjer kvart år ein liten pott i stønad til historiske spel, og i reglane heiter det mellom anna: «Det er ein føresetnad at spillet er forankra i det lokale og regionale kulturlivet med medverkande frå eigen region og at spelet arrangerast med visse faste mellomrom (årleg, kvart anna år eller kvart fjerde år». Det finst meir enn 100 aktive spel i Noreg.

Historiske spel vert òg kalla sogespel. Mange historiske spel hentar handling frå mellomalderen og kristningi av landet.

Nokre historiske spel:Endra