Opna hovudmenyen

August Bosse (30. april 18739. august 1921) var ein norsk fagforeiningsleiar, typograf, målmann og omsetjar, fødd i Øyestad i Aust-Agder. Det var Bosse som omsette Det kommunistiske manifestet til nynorsk.

August Bosse
Fødd 30. april 1873
Øyestad
Død

9. august 1921

Yrke typograf, fagforeiningsleiar, omsetjar

Bosse var typograf i Dagbladet kring hundreårsskiftet og var med i fagforeiningsarbeid. Han var formann i Norsk centralforening for boktrykkere frå 1905 då forbundet slutta seg til Landsorganisasjonen, og til 1907.

Ei tid var han reisande maskinmontør og agent for Hansen & Skotvedt og for Olaf Gullowsen, og i folketeljinga 1910 er han oppført som 'handelsreisende'. Desse åra reiste han mykje både i Noreg, Sverige og Tyskland, og han tileigna seg gode kunnskapar i tysk.

Gjennom fleire år var han typograf i venstre- og nynorskavisa Den 17de Mai der han vart han ein av redaktør Rasmus Steinsviks næraste medarbeidarar. Han kunne avisa si rettskriving på fingrane og sytte for at avisa kom ut i ei stø og einskapleg målform.

Seinare fekk helsa til Bosse ein knekk, og frå våren 1918 sette han i gang med mykje omsetjingsarbeid, særleg for Den 17de Mai og Norsk Barneblad. Han omsette til nynorsk ei rekkje romanar, forteljingar og folkelivsskildringar. Dei fleste gjekk som utklyppsbøker i "kjellaren" i Den 17de Mai. Mellom titlane han omsette var Amerika-Johan, Farkelaget, Teaterborn, Still Jim, Al-Mansurs kjærleikseventyr, Mark Twains utvalde skissor, Eventyr i Sudhavet, Små svenske bygdesogor, Bruri fraa steppone, Spæjarkompaniet og Polsk blod. Han skreiv også artiklar på nynorsk i fagbladet for typografane. Han var eit sjeldsynt døme på ein målmann sentralt i den faglege arbeidarrørsla.

Det viktigaste verket Bosse omsette til nynorsk, var Det kommunistiske manifestet av Karl Marx og Friedrich Engels med føreord av Edvard Bull. Utgåva kom på Det Norske Arbeiderpartis Forlag i 1921, same året som Bosse døydde av hjarteslag berre 48 år gamal. Dette er framleis den einaste nynorskutgåva av Manifestet.

LitteraturEndra

  • Nekrolog i Den 17de Mai, 10. august 1921.
  • Engels, Friedrich og Karl Marx. Det kommunistiske manifestet. Med fyreord av Edv. Bull. Det norske arbeiderpartis forlag. Kristiania 1921.
  • Ording, Arne. Norsk centralforening for boktrykkere 1882-1932. Oslo 1932, s. 91 og 127ff.
  • Hoel, Oddmund L. Norsk målreising 2. Mål og modernisering 1868-1940. Samlaget. Oslo 2011, s. 359.