Aukrustsenteret er eit kulturanlegg i Alvdal kommune i Innlandet fylke, som vart opna i 1996.

Aukrustsenteret

Det har ei stor kunstsamling som er gjeven ut av Kari og Kjell Aukrust. Sentralt i den faste utstillinga i senteret er måleri, teikningar og fantasiverda hans Aukrust. Det er også arrangert konsertar, mellombelse utstillingar og andre kulturarrangement. Senteret har kino og bygget er teikna av Sverre Fehn.

Senteret har eit auditorium med plass til 130 personar, kalla «Flåklypasalen», som blir brukt til kurs, møte og kino. Senteret har også kafeteria og ein eigen butikk som sel Aukrusteffektar.

Aukrustsenteret er turistinformasjon for Alvdal kommune, og er også tusenårsstaden i kommunen.

Galleri endre

Kjelder endre

«Aukrustsenteret» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aukrustsenteret