Må ikkje forvekslast med Aurland kai, den gamle dampskipskaia på Aurlandsvangen som framleis er brukt som stoppestad for båtruter, sjå Skyss.

Aurland ferjekai
KategoriFerjekai
UnderkategoriEnkel kai
Opna1967
Som del avFlåm-Aurland-Kaupanger-Årdalstangen
TilknyttGamle Riksveg 601, gamle Riksveg 50, gamle Fylkesveg 243 i Sogn og Fjordane
StadAurlandsvangen
KommuneAurland
FylkeVestland
Nedlagd2000
Erstatta avLærdalstunnelen
Kart
Aurland ferjekai
60°54′40″N 7°11′19″E / 60.911015436854°N 7.1884783956009°E / 60.911015436854; 7.1884783956009

Aurland ferjekai var eit ferjeanlegg på nordsida av Aurlandsvangen i Aurland kommune som opna i 1967 med eit bilførande ferjesamband ut av bygda då fjellvegen (noverande Fylkesveg 5627) opna mellom Aurlandsvangen og Lærdal. Då fekk ein sambandet Flåm-Aurland-Kaupanger-Årdalstangen, og året etterpå kom Gudvangen-Aurland-Flåm. Sistnemnde samband vart erstatta av Gudvangatunnelen i 1991, medan det attverande ferjesambandet berre gjekk til Kaupanger etter 1993 og vart nedlagd med opninga av Lærdalstunnelen i 2000.

Med dette vart ferjekaia nedlagd og det er lite å sjå att av anlegget i dag. Frå 2003 vart vegarmen til gamle Fylkesveg 243 i Sogn og Fjordane mellom Aurlandsvangen og ferjekaia ein del av Fylkesveg 5625 til Skjerdal. Vegen fekk ein ny vestlegare trasé over det som var oppstillingsplassen til kaia, og den gamle vegtraséen er i dag delvis parkeringsplass og delvis nedbygd i samband med bygginga av Aurland helsetun. Det einaste som står att er utstikkarbryggja som framleis er i bruk, med ny tilkomstveg over anlegget det ferjelemmen var.

Kjelder

endre