Fylkesveg 50
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 50 (fleirtyding).
Fylkesveg 50 | |||
---|---|---|---|
50 | |||
Mot Storestølen i Hol Foto: Jun Kwang Han | |||
Strekning | |||
Aurland – Hol | |||
Informasjon | |||
Lengd | 95,1 km | ||
Status Fylke |
fylkesveg Vestland Buskerud | ||
Tilstøytande vegar | |||
Restriksjonar | |||
Kolonnekøyring | Heile vegen (om vinteren) |
Fylkesveg 50 (Fv50) går mellom Fossheim i Aurland og Hol. Veglengda er 95,1 km, fordelt på to trasear.
Hovudtraséen går i Aurland langs Vassbygdevatnet, opp Låvisberget, gjennom tunnellar til Heimrebø i Aurlandsdalen som den følgjer til fylkesgrensa ved Geiterygghytta og følgjer så Sudndalen i Hol. Veglengda er 94 km, av dette 42,4 km i Vestland og 51,6 km i Buskerud. I tillegg går ein arm frå Steine bru til Bjelde i Vassbygdi i Aurland.
Historikk
endreVegen hadde tidlegare riksvegnummer 288 og 601. Vegen vart opna til Flåm i 1987 og vidare til Gudvangen då Gudvangatunnelen opna i 1991. Mellom 1991 og 2000 var riksveg 50 det første og einaste ferjefrie vegsambandet mellom Austlandet og Bergen. I november 2000 opna Lærdalstunnelen til Aurland, og riksveg 50 fekk endepunkt på Fossheim i Aurland.
Før 1962 var riksveg 50 namnet på vegen som i dag er europaveg 6 i Noreg, bortsett frå strekninga mellom Oslo og Svinesund i Østfold (då riksveg 1).
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet. Gamle Fylkesveg 244 i Sogn og Fjordane vart lagt til som ein arm av Fylkesveg 50 i Vassbygdi, med ei lengd på 1,1 km.[1]
Kommunar og knutepunkt
endre- Fossheim, Fv5627 til Aurlandsvangen og vidare Nasjonal turistveg til Havnen i Lærdal
- Vassbygdtunnelen (1058 m)
- Vassbygdi
- Arm frå Steine bru
- Endepunkt Bjelde (1,1 km)
- Hagatunnelen (690 m)
- Låvisberget tunnel 4 (410 m) (vendetunnel)
- Kroktunnelen 3 (270 m) (vendetunnel)
- Langetunnelen 2 (1350 m) (vendetunnel)
- Låvisberget tunnel 1 (260 m) (vendetunnel)
- Stondalstunnelen (2246 m)
- Berdalstunnelen (4266 m)
- Nesbøtunnelen (2510 m)
- Botnatunnelen (904 m)
- Vetlebotntunnelen (286 m)
- uvisst (ca. 2900 m) til Nyhellervatnet
- Det høgaste punktet på vegen, Vestredalsvatnet (1160 moh.)
- Privat veg (gamlevegen) utanom Geiteryggtunnelen → Geiterygghytta, 1240 moh.
- Geiteryggtunnelen (3281 m)
- Hol
- Hagafoss
Kjelder
endre- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Statens vegvesen – trafikkmeldingar Fv50
- Statens vegvesen – trafikkmeldingar
- Statens vegvesen – kolonnekjøring
- Aksjonsgruppen for vinteropen Rv50 Arkivert 2007-01-18 ved Wayback Machine.