Aurora Leigh
Aurora Leigh er eit episk dikt/verseroman av Elizabeth Barrett Browning frå 1856. Det er skrive i blankvers og omfattar ni bøker. Det er ei fyrstepersonsforteljing, frå synsvinkelen til Aurora; den andre heltinna, Marian Erie, er eit misbrukt, sjølvlært barn av omreisande foreldre. Handlinga føregår i Firenze, Malvern, London og Paris. Verket refererer til bibelsk og klassisk historie og mytologi, og til moderne romanar, som Corinne ou l'Italie av Anne Louise Germaine de Staël og romanane til George Sand. I Bok 1-5 fortel Aurora om fortida si, frå barndomen til ho er rundt 27 år; i Bok 6-9, har forteljinga nådd samtida hennar, og ho fortel om hendingar i dagbokform. Forfattaren kalla diktet «ein roman på vers», og refererte til det som «det mognare av verka mine, og det som har i seg dei høgaste overtydingane mine kring Livet og Kunsten.» Forskaren Deirdre David hevdar at Barrett Browning sitt arbeid i Aurora Leigh gjer henne til «ein stor figur i kva som helst samanheng, av ein kvinneleg forfattar på 1800-talet og innan viktoriansk poesi generelt».[1] John Ruskin kalla det det største lange diktet av 1800-talet.[2]
| |||
Forfattar(ar) | Elizabeth Barrett Browning | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk | ||
Utgjeven | 1856 |
Samandrag
endreFyrste bok
endreAurora skildrar barndomen sin i Firenze, der ho voks opp som dotter av ei toskansk mor og ein engelsk far. Mor hennar døydde då ho var fire, og ho blei att med faren til å oppdra seg. Han var ein lærd og lærte henne gresk og latin og gav henne ein kjærleik for lærdom. Faren døydde då ho var tretten år gamal, og ho blei send til England for å bu hjå faster si i Leigh Hall, fedreheimen til familien hennar. Faster hennar prøvde å gje henne opplæring i det ho meinte var passande for ei dame, men Aurora oppdaga det gamle biblioteket til far sin, og las lærde bøker for seg sjølv.
Ho las mange av dei kjende verka til Shakespeare, og blei kjær i skrivestilen hans. Ho ønskte å bli ein stor forfattar som han ein gong i livet.
Andre bok
endreBoka byrjar på den tjuande fødselsdagen til Aurora. Fetteren hennar, Romney Leigh, føreslår å gifta seg med henne. Han er skeptisk til den poetiske evna hennar, og fortel henne at kvinner ikkje har lidenskap, intellektuell evne eller dei forløysande eigenskapane til å vera sanne kunstnarar. På grunn av dette, og fordi ho føler at han er for engasjert i det sosiale arbeidet og ideala sine til å vera ein god ektemann, forkastar ho han i sinne. Tante Aurora refser henne for å avvist han, og fortel henne at fordi han er den mannlege arvingen, vil han arva heile arven medan Aurora vil bli laten att utan noko. Kort tid etter døyr tanta. Romney prøver å gje Aurora pengar, men ho nektar å ta imot dei, og bestemmer seg for å reisa til London for å leva som diktar.
Tredje bok
endreBoka opnar i leilegheita til Aurora i London. Ho har skrive små populære dikt for blad, noko som har gitt henne ein entusiastisk fanskare blant romantiske unge menn og kvinner, men ho er utilfreds. Dei store kunstverka som ho følte at ho var i stand til å laga er dødfødde – ho har inspirasjonen, men på ein eller annan måte kan ho ikkje få det ned på papiret. Medan ho jobbar og kjenner seg frustrert får ho besøk av ei fru Waldemar. Ho er vakker, men skarp og sarkastisk, og Aurora liker henne ikkje. Fru Waldemar forklarar til Aurora at ho er forelska i Romney, så mykje at ho fornedrar seg sjølv ved å gjera velgjerdsarbeid med han, men Romney har valt å gifta seg med eit av «prosjekta» sine i underklassen i staden, Marian Erie (namnet hennar er eit ordspel). Ho vil at Aurora skal snakka med Marian og deretter med Romney og overtyda dei om dårskapen deira. Aurora, dels fordi ho er nyfiken og dels fordi ho er bekymra for Romney, går til å besøke Marian og får høyra om livet hennar. Mor til Marian var ein alkoholikar som prøvde å selja henne til prostitusjon, og for å sleppa unna flykta ho heimefrå, blei sjuk, og blei til slutt teken inn i eit sjukehus for fattige. Der fann Romney henne og hjelpte henne med å få jobb som sydame.
Fjerde bok
endreMarian held fram med soga si. Ho fortel korleis Romney heldt fram med å hjelpa henne og til slutt fridde. Aurora spør ho om ho er sikker på at han verkeleg elskar henne, og Marian svarer at Romney elskar alt. Ho forsikrar Aurora om at til trass for at ho er frå ein lågare klasse, vil ho bli ei kjærleg og hengjeven kone for han. Før Aurora kan svara, kjem Romney inn i rommet til Marian. Han og Aurora vekslar nokre anstrengte ord, og ho fortel han at ho godtar Marian. Han går med henne heim, og under samtalen blir ho forvirra over kva ho sjølv føler for han. Ein månad går, og det er tid for bryllaupet til Romney og Marian - men Marian sender eit brev i sin stad til seremonien, og fortel Romney at ho ikkje er god nok for han. Folket ved bryllaupet trur Romney har forført henne og forlate henne, og går til åtak på han. Romney er øydelagd, og leitar etter Marian i fleire dagar, men finn henne ikkje. Han og Aurora har ein samtale om sine respektive skuffingar med det dei gjer; Romney kan verken gjera noka endring i fattigdommen han ser rundt seg eller vinna respekten til folk han prøver å hjelpa, medan Aurora framleis ikkje har lukkast i å skriva eit ekte kunstnarisk verk.
Femte bok
endreAurora fortel om dei neste forsøka sine på å skriva. Ho fortel korleis ho er fast bestemt på å ikkje bli avgrensa av kvinnerolla, men er i tvil om at den moderne tida presenterer høve for episk poesi, og skriv: «Ay, but every age / Appears to souls who live in't (ask Carlyle) / Most unheroic». Etterkvart som boka fortset, blir ho meir og meir desperat, og tryglar musene og gudane om inspirasjon. Ho fortel at ho ikkje har sett Romney Leigh på nesten to år, men ho har høyrt at han har gjort Leigh Hall til ein tilfluktsstad for fattige. Under eit knuande, keisamt selskap i huset til ein av dei velfødde venene sine, får ho vite at Romney er forlova med fru Waldemar, og tenkjer bittert avspegla at ‘Han elska ikkje Marian, meir enn ein gong han elska/Aurora’ (He loved not Marian, more than once he loved/Aurora.) Ho bestemmer seg for at for å finna inspirasjon, må ho dra til Italia, mora sitt land, og for å få nok pengar sel ho nokre av dei gamle bøkene til faren sin, og sitt eige uferdige manuskript.
Sjette bok
endreBoka byrjar med Aurora i Frankrike, på ein stopp på vegen til Italia. Ho vandrar rundt i Paris og nyt den historiske atmosfæren og venleiken rundt seg. Plutseleg ser ho eit kjent ansikt - det er Marian Erie. Aurora følgjer etter henne, og mistar henne etterkvarta i folkemengda, men ikkje før ho ser at Marian ber på eit barn. Ho er sjokkert, men vel å ikkje dømma henne hardt. Ho prøver å finna henne i i ei veke, og til slutt støyter ho på henne på ein blomemarknad. Marian tar henne med seg til rommet sitt, der ho viser Aurora sonen sin. Aurora klandrar Marian for å vera promiskuøs, men Marian svarer med sinne at langt frå det, ho blei angripen og valdteken og blei gravid slik. Ho forklarar til Aurora at fru Waldemar overtalte henne om at Romney ikkje verkeleg elska henne, og sende henne til Frankrike med tenestejenta si. Denne forlét henne i eit bordell, der ho blei valdteken og nesten driven til vanvit, men til sist klarte å rømma.
Sjuande bok
endreMarian held fram med soga si. Ho blei teken inn av ei venlig dame som tenestejente, men fekk sparken då graviditeten hennar blei tydeleg. Trass i dette kunne ho ikkje få seg sjølv til å vera trist: ho var overlykkeleg over at den forferdelege erfaringa hennar kunne gje henne den vakre opplevinga av å vera mor. Etter å ha høyrt historia til Marian ber Aurora henne ihuga om orsaking for at ho mistrudde henne og tilbyr henne eit slags «giftarmål» - ho vil verna om Marian og sonen hennar og ta dei med til Italia. Marian tek imot dette med takksemd. Aurora vel å ikkje informere Romney om at ho har funne Marian, men skriv eit sint brev til Lady Waldemar, som fortel at ho veit om den skammelege oppførselen hennar mot Marian. Marian har likevel alltid ført Romney inn i Auroras tankar. Ho blir overraska når ein ven skriv til henne for å gratulera henne med boka - manuskriptet ho selde for å koma til Italia. Ho kjem til at det kanskje var betre enn ho trudde. Ho finn ikkje noko spesielt inspirasjon i Italia, men finn i staden stadig bittersøte minne om barndomen sin.
Åttande bok
endreFleire år har gått. Aurora, Marian og guten bur i ein villa i Firenze. Plutseleg kjem Romney Leigh, etter at han har funne ut kvar dei er gjennom ein ven av Aurora. Aurora, som trur han er gift med fru Waldemar, er kald mot han. Han fortel henne at han har lese boka hennar og meiner det er god og sann kunst, og fortel henne at han har tenkt om at dei dømmande grensene han gav henne tidlegare. Han fortel henne om at forsøka hans på sosial reform mislukkast. Etter at han gjorde Leigh Hall til ein tilfluktsstad, gjekk det historier rundt i landsbyen om at det var eit fengsel, og ein mobb brann heile huset til jorda. Aurora uttrykker sympati, men fortel han at ho framleis ikkje kan tenke godt om kona hans. Romney er overraska og fortel henne at han ikkje er gift med fru Waldemar, sjølv om han har ei melding frå henne til Aurora. Aurora riv opp brevet og les det.
Niande bok
endreAurora les brevet til fru Waldemar, som hevdar at ho ikkje hadde tenkt å skada Marian, berre å fjerna henne. Planen hennar lukkast ikkje; sjølv etter at Marian var borte, elska ikkje Romney henne i staden. Ho fortel Aurora, i ein hatsk tone, at brevet hennar sitt tvinga fru Waldemar til å fortelje Romney at Marian levde, og dermed dømde han til eit liv utan kjærleik med henne, når han i røynde elskar i Aurora. Aurora, som er ganske sjokkert både av innhaldet i brevet og den sinte retorikken, spør Romney kva han vil gjera no, og han svarer at han vil gifta seg med Marian og oppdra barnet hennar som sitt eige. Marian avviser han, og seier at ho føretrekk å vera den einaste formyndaren til barnet sitt og via livet sitt til han heller enn ein ektemann, og at ho har innsett at det ho trudde var kjærleik til Romney var meir av ei heltedyrking. Ho går ut, og ber Romney tala med Aurora. Dei snakkar saman, og tilgjev kvarandre dei dei har gjort mot kvarandre gjennom åra. Romney fortel Aurora at han er blitt blind. Aurora, i tårar, innrømmer for Romney at ho elskar han, og no endeleg har innsett det. Ho skjønar òg at ved å elske han, vil ho kunna fullføra seg sjølv og finna den diktariske musa si nok ein gong. Diktet endar med Aurora og Romney i ei kjærleg omfamning, medan ho skildrar landskapet for dei blinde augo hans i bibelske metaforar.
Kjelder
endre- ↑ David, Deirdre (Winter 1993). «Aurora Leigh by Elizabeth Barrett Browning». Victorian Poetry 31 (4): 435–8.
- ↑ Bové, Paul A. Early Postmodernism: Foundational Essay. Durham, NC: Duke University, 1995, p. 164.
- Denne artikkelen bygger på «Aurora Leigh» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Aurora Leigh ved Prosjekt Gutenberg
- Elizabeth Barrett Browning and Aurora Leigh ved The Victorian Web
- Website with Audio Book of Aurora Leigh, essay om Elizabeth Barrett Browning
- In Our Time, BBC Radio 4, 24. mars 2016