Austad kyrkje i Bygland
kyrkje i Bygland kommune
Austad kyrkje står på Tveit i Bygland kommune i Agder fylke og er ei langkyrkje frå 1880. Arkitekt for kyrkja, som er bygd i tre, var byggmeister Oskar Fabricius.[1]
Austad kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jan-Tore Egge | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Bygland | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Otredal | ||
Sokn | Bygland | ||
Fellesråd | Bygland | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Oskar Fabricius | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1880[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Frå kring 1536[1] | ||
Sitjeplassar | 250[1] | ||
Austad kyrkje 58°58′51″N 7°36′28″E / 58.98083333°N 7.60777778°E | |||
Wikimedia Commons: Austad kirke, Bygland |
Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen.
Austad kyrkje høyrer til Bygland sokn i Otredal prosti. Austad var tidlegare eige kyrkjesokn, men 1. juli 1997 vart sokna Bygland, Sandnes og Austad slegne i hop til eit nytt sokn som vart heitande Bygland sokn.[2]
Inventar
endrePreikestolen er frå kring 1536. Han vart oppattmåla av Christen Anderssøn i 1634. Det er tre døypefontar i kyrkja. Den eldste er frå kring 1200.[1]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Austad kyrkje, Tveit». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 467. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ Olav Skjevesland: Visitasforedrag ved bispevisitas i Bygland 29. oktober – 2. november 2003
Bakgrunnsstoff
endre- Austad kyrkje i Bygland i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Aust-Agder» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-05-05 ved Wayback Machine.
- Om Bygland sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Austad kyrkje i Bygland». Kirkesøk. Den norske kyrkja.