Austerdalsbreen
Austerdalsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen ved Veitastrond i Luster kommune i Vestland.
Austerdalsbreen | |||
isbre | |||
Austerdalsbreen med Odinsbreen (t.v.) og Torsbreen frå 1993.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Luster (Vestland) | ||
Type | Dalbre | ||
Lengd | 4 km | ||
Toppunkt | 1600 moh. | ||
Botnpunkt | 400 moh. | ||
Koordinatar | 61°36′N 06°59′E / 61.600°N 6.983°E | ||
![]() Austerdalsbreen 61°36′00″N 6°59′00″E / 61.6°N 6.98333°E | |||
Wikimedia Commons: Austerdalsbreen |
Austerdalsbreen er ein dalbre med tre store og bratte brefall, Odinsbreen, Torsbreen og Lokebreen. Austerdalsbreen har eit særprega krepsehale-mønster, av mørke og lyse parti, som ein lettast kan sjå på avstand. Breen er òg kjend for brebord - store steinblokker som vert liggande på ei søyle av is. Austerdalsbreen har ein midtmorene skapt av Odinsbreen og Torsbreen.
Kryssinga av Jostedalsbreen frå Tungestølen opp Austerdalsbreen og Kvitesteinsvarden over breen ned til Kattenakken og Briksdal, er av dei mest klassiske breturane i Noreg. Turen vart først gått av William Cecil Slingsby og følgje hans i 1894, og på same dag og utan å vite om kvarandre, av Kristian Bing og Daniel Sygnesand.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Austerdalsbreen» frå Wikipedia på bokmål, den 2. april 2008.