Austerlendske bokverk

Austerlendske bokverk var ein bokserie med nynorskomsetjingar av eldre litteratur på sanskrit, vedisk og arabisk. Det var Studentmållaget i Oslo som gav han ut, i lag med Det Norske Samlaget. Det kom ut i alt 3 bøker i serien frå 1929 til 1932, og to av dei kom i nye utgåver på Samlaget seinare.

Bokliste

endre
  1. Kalidasa: Sakuntala. Spel i sju vendingar. Omsett frå sanskrit av Olav Rytter, 1929 Nb. 2. utg. 1975 Nb.
  2. Soga um Sinbad Farmann. Eit æventyr or Tusund og ei natt. Omsett frå arabisk av Alexander Seippel, 1900 Nb.[1] 2. utg. Soga um Sinbad Farmann. Eit eventyr or Tusund og ei natt, 1929 Nb.
  3. Rigveda. Fem og femti hymnor i utval. Omsette frå vedisk av Olav Rytter, 1932 Nb. 2. utg. Rigveda. Femtifem veda-hymner, 1975. Nb.

Fotnotar

endre
  1. Denne utgåva kom ut før serien starta, men er teken med sidan boka frå 1929 er 2. utg. av denne.

Kjelder

endre