Opna hovudmenyen

Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel (22. januar 185122. april 1938) var ein norsk filolog, folkeminnesamlar og bibelomsetjar. Alexander Seippel er i dag best kjend for å ha stått for om lag halvparten av den første nynorske bibelomsetjinga som Studentmållaget i Oslo gav ut 1921.

Alexander Seippel
Alexander Seippel.jpg
Fødd22. januar 1851
Død22. april 1938
NasjonalitetNoreg
Yrkefilolog, omsetjar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnTorbjørn Leopold Seippel

BakgrunnEndra

Seippel var fødd i Kristiansand som son av en tysk forretningsmann. Han voks opp i Kristiansand Frøysnes. I 1868 tok han artium og i 1873 vart han cand.mag. etter studier i gresk og latin. Deretter følgde om lag 12 år med studie og studiereiser før han i 1886 vart utnemnd til professor i semittiske språk ved Universitetet i Oslo.

VirkeEndra

 
Omslagsframsida på Evangilja eller fagnad-bodi etter Lukas frå 1920.

Som språkforskar gjorde Seippel ein stor innsats ved at han samla omtale av Norden og nordiske tilhøve i arabiske skrifter. Arbeidet vart utgjeve i 2 band Rerum Normannicarum fontes Arabici, i 1896 og 1928.

Seippel skreiv sjølv lyrikk, han samla stev i Setesdal, og gjendikta lyrikarar som Hafiz og Omar Khayyam. Då Fyrebilsbibelen vart utgittjeven av Studentmållaget i 1921, stod Seippel bak halvdelen av omsetjinga. Det fyrste offentlege forsøket hans var Fyrste Mose-bok eller Upphavs-boki. Umsett fraa grunn-teksti, utgjeven i 1905 som vedlegg til Syn og Segn.

[Bibelmålet] «laut vera so folkelegt som råd var; difor sette eg meg fyre at eg inkje vilde skrive ei setning som eg inkje visste eller trudde at ein norsk bonde kunde segja.»

Seippel, 1932, om Studentmållagsbibelen

Han vart Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1896, og forfremja til Kommandør i 1938. Han vart medlem av Det Norske Vitenskaps-Akademi i 1897, og vart utnemnd til statsstipendiat då han vart pensjonert i 1922. Alexander Seippel døydde i Oslo.

KjelderEndra

  • Sylfest Lomheim, Aasulv Lande, Gunnar Stubseid. Sjønna på Elbursfjell. Alexander Seippel - livet og livsverket. Høyskoleforlaget, 2001. ISBN 82-7634-339-2
  • Sylfest Lomheim. «Alexander Seippel» I. Norsk biografisk leksikon, 2. utg.
  • sambok 24 bøker av/om/ved A. Seippel
  • Bibelselskapet

BakgrunnsstoffEndra