Austnorsk er ei av de to store dialektgruppene i Noreg. Ho omfattar dialektane på Austlandet, i Trøndelag og på Nordmøre. Den andre store dialektgruppa er vestnorsk. Denne oppdelinga er basert på at austnorske dialektar har såkalla kløyvd infinitiv (nokre infinitivar endar på -e, andre på -a, medan andre dialektar har same endinga i alle infinitivar: -e, -a, eller ingenting). Skiljet fell saman med det geografiske skiljet danna av Langfjella, og hovudkriteriet for forskjellen gjev jamvektsloven.[1]

Kartet viser kva norske dialektar som er blitt påverka av jamvektsloven. I det lyseblå området ender overvektsord på -e, mens jamvektsord ender på -a. I det mørkeblå området har overvektsord apokope, medan det er utstrekt bruk av jamning i jamvektsord.

Kjelder

endre
  1. Venås, Kjell. (27. mars 2013). «Dialekter i Norge». Store norske leksikon. Besøkt 2013-07-14.