Opna hovudmenyen
Denne artikkelen handlar om omgrepet i dialektologi. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå likevekt.
Kartet viser kva for norske dialektar som har spor av jamvektsregelen. I det lyseblå området har overvektsord endinga -e, medan jamvektsord har endinga -a. I det mørkeblå området har overvektsord apokope, medan det er omfattande bruk av jamning i jamvektsord.

Jamvekt er eit omgrep i norsk dialektologi som dels brukast til å forklare ei språkhistorisk endring som har resultert i kløyvd infinitiv, dels til å dele inn dei norske dialektane. I dag er det dialektane på Austlandet og i Trøndelag og ein del svenske innlandsbygder som har spor av jamvekt.

Jamvektslova seier noko om korleis uttalen av orda har forandra seg frå norrønt og fram til moderne norsk.

  • Jamvektsord, dvs. infinitiv med kort rotstaving i norrønt, har ikkje fått nokon reduksjon av endingsvokalen. Ei kort rotstaving har både kort vokal og kort konsonant. Her er den norrøne infinitivsendinga -a i f.eks. (å) bera behaldt slik at det i dialektane med jamvekt heiter å bera, å bæra, å bærra, å bårrå e.l. I nokon dialektar finst i tillegg jamning av overvektsord.
  • Overvektsord, dvs. infinitiv med lang rotstaving i norrønt, har fått reduksjon av endingsvokalen. Ei lang rotstaving består av ein lang vokal og/eller lang konsonant. Her er den norrøne infinitivsendinga -a i f.eks. (å) kasta vorte redusert til anten ein -e i kaste (på Austlandet) eller falle heilt bort i kast (i Trøndelag).

Jamvektregelen har verka frå Langesundsfjorden i Telemark og Bykle i Setesdal nordover aust for Langfjella til litt nord for Molde, i Trøndelag og på indre Nord-Helgeland.

KjelderEndra