Australia i Eurovision Song Contest 2015

Australia debuterte i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike med ein song av Guy Sebastian.[1][2] Bidraget vart valt internt av Special Broadcasting Service.[1]

Eurovision Song Contest 2015
Land Australia
Offisielt Australia
Kringkastar Special Broadcasting Service
Nasjonal uttaking
Uttaking Intern
Dato(ar) Artist 4. mars 2015
Artist(ar) Guy Sebastian
Song Tonight Again
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Guy Sebastian
David Ryan Harris
Louis Schoorl
Resultat
Semifinalepoeng X
Semifinaleplass X
Finalepoeng 196
Finaleplass 5

10. februar 2015 annonserte Den europeiske kringkastingsunionen at Australia ville debutere i tevlinga.[1] Deltakinga var då rekna som eit eingongstilfelle i høve 60-årsjubiléet til Eurovision Song Contest.[1] Landet var direktekvalifisert til finalen, og skulle røyste å både semifinalane og finalen.[1] Special Broadcasting Service måtte i tillegg sende alle tre sendingane direkte.[1] Om Australia vann Eurovision Song Contest 2015 ville landet fått høve til å arrangere tevlinga i ein by i Det europeiske kringkastingsområde saman med ein kringkastar som er aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.[1]

Fotnotar

endre

Mal:Land i Eurovision Song Contest 2015