Eurovision Song Contest 2015
Eurovision Song Contest 2015 (ESC 2015), offisielt 60. Eurovision Song Contest, var den 60. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Wiener Stadthalle i Wien i Austerrike, med semifinalar 19. og 21. mai og finale 23. mai 2015.[1][2][3]
Eurovision Song Contest 2015 | ||||
---|---|---|---|---|
Building Bridges | ||||
|
||||
Dato | ||||
Semifinale 1 | 19. mai 2015 | |||
Semifinale 2 | 21. mai 2015 | |||
Finalen | 23. mai 2015 | |||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Kypros, Tsjekkia og Serbia kom attende til tevlinga, medan Ukraina trekte seg. 10. februar 2015 annonserte Eurovision.tv at Australia ville debutere i tevlinga, og ville verte direktekvalifisert til finalen.[4] I tillegg fekk landet røyste i båe semifinalane og i finalen.[4]
Etter ein anspent røysteprosess, basert på eit format med 50 prosent juryrøyster og 50 prosent telefonrøyster, vann Sverige tevlinga for sjette gong, med «Heroes» av Måns Zelmerlöw. Sverige vart det fyrste landet som vann to gonger med dette formatet, og det var landet sin andre siger på fire år og i det 21. århundre. Italia vann telefonrøystinga, med Russland på andreplass og Sverige på tredjeplass. Sverige vann juryrøystinga, med Latvia på andreplass og Russland på tredjeplass. Dette var fyrste gong sidan juryen vart gjeninnført i 2009 at vinnaren ikkje vann telefonrøystinga. For fyrste gong fekk alle landa heilt ned til fjerdeplass meir enn 200 poeng. Det russiske bidraget vart det fyrste ikkje-vinnande bidraget som fekk meir enn 300 poeng. Austerrike og Tyskland vart dei fyrste landa sidan 2003 som ikkje fekk poeng i finalen. Austerrike vart òg det fyrste vertslandet som ikkje fekk poeng. Montenegro og Tsjekkia fekk sine beste plasseringar nokonsinne i denne tevlinga. 197 millionar menneske i verda over såg tevlinga, to millionar fleir enn i 2014, noko som er ny rekord.
FormatEndra
På slutten av 2011 vart det annonsert av Den europeiske kringkastingsunionen at dei hadde starta eit forsøk på å arkivere alle tevlingane sidan 1956, og at resultata vart forventa å stå klåre i god tid før Eurovision Song Contest 2015.[5] Det vart seinare annonsert at arkivet er klårt og ville verte opna på 60-års-jubileet. Innhaldet i arkivet ville vere tilgjengeleg for publikum gjennon den offisielle Eurovision-nettstaden Eurovision.tv.[6]
Semifinale 1Endra
Den fyrste semifinalen vart kringkasta 19. mai frå Wiener Stadthalle i Wien. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og tre av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, vil kvalifisere seg til finalen. Austerrike, Australia, Frankrike og Spania måtte kringkaste og kunne røyste i denne semifinalen. EBU ville kunngjere poenga og plasseringane for kvart land etter finalen, dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skulle verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
Semifinale 2Endra
Den andre semifinalen vil verte kringkasta 21. mai frå Wiener Stadthalle i Wien. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og to av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, vil kvalifisere seg til finalen. Australia, Italia, Storbritannia og Tyskland må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen. EBU vil kunngjøre poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skal verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
FinalenEndra
Finalen vil verte kringkasta 23. mai 2015 frå Wiener Stadthalle i Wien. Berre debutanten Australia, «dei fem store», som er sett saman av Frankrike, Spania, Storbritannia, Tyskland og Italia, og vertslandet Austerrike er direktekvalifisert til finalen. I tillegg til desse vil dei 20 beste frå dei to semifinalane delta.
Personar som tidlegare har medverka i EurovisionEndra
FotnotarEndra
- ↑ Jiandani, Sanjay (Sergio). «Eurovision 2015: Preliminary dates announced» (engelsk). Esctoday.com. Henta 13. april 2014.
- ↑ Van Eersel, Dennis. «Eurovision 2015 on 12th, 14th and 16th of May» (engelsk). Escdaily.com. Henta 13. april 2014.
- ↑ Siim, Jarmo. «Entries submitted for Eurovision 2014» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 13. april 2014.
- ↑ 4,0 4,1 «Australia to compete in the 2015 Eurovision Song Contest» (engelsk). Eurovision.tv. 10. februar 2015. Henta 10. februar 2015.
- ↑ Siim, Jarmo. «EBU starts Eurovision archive project» (engelks). Eurovision.tv. Henta 13. april 2014.
- ↑ N., Danny. «General: Archive to be opened in time for 60th Anniversary» (engelsk). Escxtra. Henta 13. april 2014.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest 2015» frå Wikipedia på engelsk, den 13. april 2014.