Den australske regionen
(Omdirigert frå Australsk region)
Den australske regionen er ein biogeografisk region som inkluderer Australia, New Zealand, øya Ny-Guinea og mange av dei små øyane i området, hovudsakleg i den austlege delen av Indonesia. Han er ein av dei åtte biogeografiske sonane kloten vert delt opp i.
Biologisk sett, deler den australske regionen ein felles evolusjonær historie og har biotopar for mange felles unike plantar og dyr. Nokre er vanlege i heile området, medan andre er spesifikke for visse delar, men deler eit felles opphav. Det biologiske skiljet mellom Australasia og Asia er Wallace-linja, som representerer grensa mellom to tektoniske plater. Sulawesi og Lombok ligg austom linja, og Borneo og Bali ligg vest for ho.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Australiska regionen» frå Wikipedia på svensk, den 20. januar 2013.
Referansar
endre- ↑ «Australasia ecozone». World Wildlife Fund. Arkivert frå originalen 7. oktober 2006.
Bakgrunnsstoff
endre- RedOrbit.com Arkivert 2013-01-16 ved Wayback Machine. Australasia Ecozone Arkivert 2014-01-04 ved Wayback Machine. henta 20. januar 2013