Avaldsnes kyrkje
Avaldsnes kyrkje er ei steinkyrkje på Avaldsnes i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Kyrkja vart bygd i mellomalderen. Kong Kong Håkon IV Håkonsson gav i 1250 løyve til å byggja ei kyrkje på Avaldsnes. Avaldsnes kyrkje var ei av fire kongelege kollegiatkyrkjer, dvs. at ho hadde rett til å utdanne kongetru prestar. Kyrkja var òg ei viktig pilegrimskyrkje i mellomalderen.
Avaldsnes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Karmøy | ||
Sokn | Avaldsnes | ||
Fellesråd | Karmøy | ||
Stad | Avaldsnes i Karmøy kommune | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | mura | ||
Sitjeplassar | 450 | ||
Avaldsnes kyrkje 59°21′19″N 5°17′28″E / 59.355277777778°N 5.2911111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Avaldsnes kirke |
Like ved kyrkja står ein skeiv bautastein kalla Jomfru Marias synål. Folketradisjonen seier at når steinen treffer kyrkjeveggen, kjem dommedag. Det blir òg sagt at fleire prestar har kappa toppen av steinen for å unngå dette.
-
Bautaen ved kyrkjeveggen
Litteratur
endre- Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i stein bind 1 i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3
Bakgrunnsstoff
endre- Biletgalleri i GalleriNOR
- Jomfru Marias synål Arkivert 2005-09-14 ved Wayback Machine.
- «Kirkebøker, Rogaland» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Om Avaldsnes sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Avaldsnes kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.